60 millionar til regional utvikling i Telemark
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Statsbudsjettet 2012
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Telemark fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 59,72 millionar kroner i 2012.
Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Telemark fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 59,72 millionar kroner i 2012.
I statsbudsjettet for 2012 foreslår regjeringa å løyve rundt 2,7 milliardar kroner til ein ekstrainnsats i distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte vel 80 prosent av desse midlane.
Gjennom distrikts- og regionalpolitikken ynskjer regjeringa å leggje til rette for busetjing og verdiskaping i heile landet.
- Den lokale og regionale utviklingskrafta er avgjerande for at me skal halde fram med den positive utviklinga i landet vårt. Då er det viktig med gode rammevilkår, næringsutvikling og å utvikle attraktive lokalsamfunn. Difor satsar me så mykje på fylkeskommunane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Av løyvinga til Telemark er 7,39 millionar kroner sette av til kommunale eller regionale næringsfond. Midlane skal setje næringssvake kommunar eller regionar betre i stand til å støtte opp om lokal næringsutvikling.
2,5 millionar kroner av løyvinga til Telemark fylkeskommune skal dekkje den statlege deltakinga i det europeiske territorielle samarbeidet (Interreg).
Etter årsskiftet vil fylket òg få kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift. I 2011 var kompensasjonsmidlane i Telemark på 3,2 millionar kroner.
- Les korleis Telemark fylkeskommune nytta dei regionale utviklingsmidlane i 2010.
- Gå til Kommunal- og regionaldepartementet si samleside for statsbudsjettet 2012.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.