Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete set ned eit eige gründerråd
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 30.08.2011
Statsråd Liv Signe Navarsete ønskjer å få innspel på kva som er dei største hindringane for nyetablerte bedrifter eller for å etablere ny verksemd.
Statsråd Liv Signe Navarsete ønskjer å få innspel på kva som er dei største hindringane for nyetablerte bedrifter eller for å etablere ny verksemd.
- Kvart år blir det etablert om lag 50 000 nye bedrifter. Mange av desse forsvinn etter berre få år. Vi har også ein relativt liten del av gründerar som har ambisjonar om å etablere bedrifter som kan vere internasjonalt konkurransedyktige. Talet på kvinnelege gründerar er også lågare enn ønskjeleg, og det er truleg eit potensiale for fleire etablerarar blant innvandrarar i Distrikts-Noreg, seier statsråd Navarsete.
Å omsetje idear til verksemder er avgjerande for å kunne auke verdiskapinga i Noreg. Det treng vi for å kunne vidareutvikle velferdssamfunnet vårt.
- Eg ønskjer difor å få gode og konstruktive innspel på korleis vi kan leggje tilhøva betre til rette for å få fleire gründerar i distrikta. Det rådet eg no har sette ned er satt saman av folk som nyleg har etablert eigen bedrift, og som har kjent på kroppen kva som er dei største hindringane, seier Navarsete.
Rådet skal gje konkrete innspel med forslag til tiltak som kan vere realistiske å gjennomføre på kort og mellomlang sikt. Rådet skal vere ferdig i løpet av første kvartal 2012. Statsråd Liv Signe Navarsete skal sjølv leie rådet.
Medlemmane i rådet er:
- Alexander Kjølstad, Steinkjer
- Håvard Halvorsen, Sogndal
- Sarita Sehjpal, Kristiansand
- Jens Martin Johnsrud, Sør-Odal
- Jeanette Johansen, Værøy
- Silje Vallestad, Bergen
- Stine Mølstad, Ringsaker
- Andreas Wiese, Kårhamn.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.