Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Konkurrerer om å bli Årets nynorskkommune 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Årets nynorskkommune 2011 blir kåra 16. november på Det norske teatret. Kommunane Aurland, Bremanger, Vågå, Fjell, Norddal, Vinje, Lindås og Masfjorden konkurrerer om prisen. Media kan delta på prisutdelinga.

Årets nynorskkommune 2011 blir kåra 16. november på Det norske teatret. Kommunane Aurland, Bremanger, Vågå, Fjell, Norddal, Vinje, Lindås og Masfjorden konkurrerer om prisen. Media kan delta på prisutdelinga.

  • Tid: Onsdag 16. november kl. 17.00
  • Stad: Det norske teatret, Kristian IVs gate 8, Oslo

Årets nynorskkommune 2011 får 100 000 kroner. Prisen går til ein kommune med nynorsk som målform. Tidlegare vinnarar er Stord i 2009 og Seljord i 2010.

- Vinnaren har gjort ein innsats for å styrkje nynorsken og bruke nynorsk aktivt i tenestene sine. Difor vil vinnaren vere eit førebilete for andre nynorskkommunar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Nynorsk er ein viktig del av den nasjonale kulturarven vår. Nynorsk skapar identitet, tryggleik og frimod. For å styrkje og oppretthalde bruken av nynorsk, må det offentlege bruke nynorsk aktivt i verksemda si. Prisen skal gå til kommunar som arbeider for å styrkje kvaliteten i språket. Men også til dei som aktivt brukar nynorsk for å profilere seg, til dømes ved kulturarrangement eller på heimesidene sine. Å bruke nynorsk i møte med og arbeid for barn og unge er viktig for framtida, seier Navarsete.

Aurland, Bremanger, Vågå, Fjell, Norddal, Vinje, Lindås og Masfjorden har meldt seg på konkurransen. Ein jury peikar ut vinnaren.

Dei er alle inviterte når Liv Signe Navarsete vil overrekkje prisen til årets vinnar på Det norske teatret 16. november. På utdelinga vil vi også få høyre utdrag frå moderne nynorsklitteratur med forfattarane Agnes Ravatn og Arnfinn Kolerud. Fjorårets vinnarkommune Seljord stiller med hardingfeleinnslag og ung nynorsk poesi frå Svanhild Amdal Telnes (17). Telnes vart månadens poet i Dagbladet som femtenåring. Årets kulturkommune Gloppen bidreg også til feiringa.

- Dette blir ein ettermiddag krydra med innslag frå eit høgst levande nynorsk kulturliv, seier Liv signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00