Møre og Romsdal fylkeskommune prioriterer infrastruktur og gode ramevilkår for næringslivet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 04.10.2011
Møre og Romsdal fylkeskommune brukte 31 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling på infrastruktur i 2010.
Møre og Romsdal fylkeskommune brukte 31 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling på infrastruktur i 2010.
Det viser rapporten om bruken av dei regionale utviklingsmidlane frå Møre og Romsdal fylkeskommune til Kommunal- og regionaldepartementet for 2010. Møre og Romsdal fordelte 202,46 millionar kroner av sine regionale utviklingsmidlar i 2010. Den totale løyvinga til fylkeskommunane dette året var på om lag 2,1 milliardar kroner.
Fylkeskommunen har satsa på å bygge ut kommunal infrastruktur, som vassforsyning, næringsretta infrastruktur og energiforsyning. Det er tiltak som skal kome både folk og næringsliv til gode. Møre og Romsdal fylkeskommune brukte 31 prosent av dei fordelte midlane til regional utvikling på infrastruktur i 2010.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane.
Utfordringar i Møre og Romsdal er mellom anna å skape eit framtidsretta næringsliv med eit mangfald av arbeidsplassar. Blant positive resultat i 2010 trekker fylkeskommunen fram ein auke i talet på nyetableringar på 12,4 prosent og ein auke i unge etablerarar. Desse resultata har ifølge fylkeskommunen samanheng med dei tenestene Hoppid.no, eit fireårig program for entreprenørskap, leverer til bedrifter i oppstartfasen. Hoppid.no - kontora rundt om i kommunane er rettleiarar og døropnarar mot viktige aktørar, fortel fylkeskommunen.
Fylkeskommunen ser næringsutvikling som viktig, og Møre og Romsdal fylkeskommune inngår i ein partnarskap for verdiskaping beståande av ei rad aktørar og organisasjonar. Fylkeskommunen brukte i 2010 24 prosent av midlane på å vidareutvikle etablerte bedrifter, eit viktig tiltak med tanke på å oppretthalde næringsaktiviteten i lokalsamfunna. 16 prosent av midlane gjekk til entreprenørskap. Eitt døme på dette er industriinkubatoren på Sunndalsøra, ein rugekasse for å utvikle industribedrifter, som starta opp i 2010.
Møre og Romsdal fylkeskommune løyvde midlar til kommunale næringsfond, og styrkte slik kommunane sitt eige utviklingsarbeid.
Fylkeskommunen i Møre og Romsdal brukte 17 prosent av midlane på stadutvikling og profilering. Fylkeskommunen rapporterer at interessa for å utvikle stadar i fylket er større enn nokon gong. Døme på prosessar og tiltak er tilflyttingsprosjekt ei rekke stadar, arkitektkonkurranse på Åndalsnes, stadanalyse for Eidsvåg i Nesset og oppstart av stadutviklingsprosjekt på Averøy.
- Både infrastruktur, stadutvikling og verdiskaping har prioritet i Møre og Romsdal, og fylkeskommunen samarbeider med fleire partnarar i planarbeidet. Det blir spennande å følgje utviklinga i fylket, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.
Sjå elles:
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.