Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Navarsete møter gründerrådet for fyrste gong

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Måndag 19. september kl. 14.00 leier statsråden det fyrste møtet i gründerrådet. Rådet skal gje konkrete innspel med forslag til tiltak, som kan vere realistiske å gjennomføre på kort og mellomlang sikt.

Statsråd Liv Signe Navarsete ønskjer å få innspel på kva som er dei største hindringane for nyetablerte bedrifter.

- Eg ønskjer å få gode og konstruktive innspel på korleis vi kan leggje tilhøva betre til rette for å få fleire gründerar i heile landet. Det rådet eg no har set ned, er sett saman av folk som nyss har etablert eiga verksemd, og som har kjent på kroppen kva som er dei største hindringane, seier Navarsete som sjølv vil leia rådet.

Rådet skal vere ferdig i første kvartal 2012.

Media kan vere med i starten på møtet og få intervju og kommentarar i etterkant av møtet (om lag kl. 16.00).

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Foto frå det første møtet.