Historisk arkiv

Nord-Trøndelag fylkeskommune satsar på næringsutvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Nord-Trøndelag fylkeskommune brukte 65 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling på næringsutvikling i 2010. Som eit ledd i denne satsinga prioriterte fylkeskommunen å vidareutvikle etablerte bedrifter.

Nord-Trøndelag fylkeskommune brukte 65 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling på næringsutvikling i 2010. Som eit ledd i denne satsinga prioriterte fylkeskommunen å vidareutvikle etablerte bedrifter.

Det viser rapporten som Kommunal- og regionaldepartementet har mottatt frå fylkeskommunen om bruken av dei regionale utviklingsmidlane i 2010. Nord-Trøndelag fylkeskommune fordelte 115,98 millionar kroner av dei løyvde midlane til regional utvikling frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2010. Den samla løyvinga til alle fylkeskommunane i 2010 var på om lag 2,1 milliardar kroner.

Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane.

Nord-Trøndelag fylkeskommune og Innovasjon Noreg har brukt store midlar på satsingar i skjeringspunktet miljø og næringsutvikling. Vindklynga i Verdal har blitt ei viktig klynge i nasjonal samanheng der pådrivaren er ARENA-prosjektet Arena Vindenergi. Reiseliv, utvikling av kulturnæringa og utvikling av naturressursar har òg vore satsingsområde i Nord-Trøndelag i 2010.

Fylkeskommunen har gitt midlar til kommunale næringsfond og omstillingsfond for å styrke kommunane sitt utviklingsarbeid. Dette var spesielt viktig i dei minste kommunane og kommunar med stor nedgang i arbeidsplassar.

I tillegg har fylkeskommunen støtta opp om bulystprosjekt og andre tiltak som rettar seg mot småsamfunn. Fylkeskommunen har prioritert tiltak retta mot ungdom.

- Nord-Trøndelag fylkeskommune vurderer at innsatsen har medverka til både verdiskaping og livskvalitet i heile fylket. Det blir spanande å følgje utviklinga i fylket, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.

Sjå elles:

  • Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
  • Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
  • Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
  • Tabell over tildeling av regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
  • Nord-Trøndelag fylkeskommune
  • Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar 


    Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.