Nordland fylkeskommune satsar på å vidareutvikle etablerte bedrifter
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 04.10.2011
Nordland fylkeskommune brukte 31 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling på å vidareutvikle etablerte bedrifter og prioriterte dette høgast i 2010.
Nordland fylkeskommune brukte 31 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling på å vidareutvikle etablerte bedrifter og prioriterte dette høgast i 2010.
Det viser Nordland fylkeskommune sin rapport til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling i 2010. Nordland fylkeskommune fordelte 395,88 millionar kroner av tildelte regionale utviklingsmidlar frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2010. Den samla løyvinga til alle fylkeskommunane var på om lag 2,1 milliardar kroner dette året.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane.
Nordland fylkeskommune rapporterer om utfordringar med å skaffe kompetent arbeidskraft og har difor satsa 11 prosent av midlane til regional utvikling på kompetansebygging. Nordland var den fylkeskommunen som brukte mest midlar på kompetanseheving i 2010. Spesielt trekkjer fylkeskommunen fram mangel på arbeidskraft i praktiske handverkyrke og industriyrke som krev fagbrev, samt i yrke som krev høgskule- og universitetsutdanning.
Ei særleg utfordring i reiselivsnæringa er å skape fleire heilårige arbeidsplassar og auka lønsemd i næringa.
Nordland fylkeskommune rapporterer at fylkeskommunen har teke i bruk verkemiddel som distriktsutviklingstilskot, risikolån og distriktsretta risikolån gitt via Innovasjon Noreg, for å vidareutvikle etablerte bedrifter.
Fylkeskommunen brukte òg 14 prosent av midlane på stadutvikling og profilering. Nordland fylkeskommune deltek i Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) for mellom anna å gjere kommunane betre egna til å gjennomføre eigne utviklingstiltak. 25 av 44 kommunar deltek i denne satsinga. Fylkeskommunen har òg styrkt kommunane sitt utviklingsarbeid gjennom midlar til kommunale næringsfond.
Fylkeskommunen brukte 16 prosent av midlane på å utvikle infrastruktur. Desse gjekk mellom anna til breibandsutbygging.
Nordland fylkeskommune ser delar av satsinga si i samanheng med regjeringa sin ekstrainnsats for nordområda. Fylkeskommunen trekker fram støtta for å etablere eit forskingsmiljø innan fornybar energi.
- Me ser at Nordland fylkeskommune vel å bruke dei regionale utviklingsmidlane sine breitt og prøver å utjamne forskjellar i fylket. Fylkeskommunen prioriterer både å vidareutvikle næringsliv og samfunn gjennom kompetanseheving, kommunal infrastruktur, stadutvikling og å skaffe arbeidskraft. Det blir spanande å følgje resultata av Nordland si breie satsing på regional utvikling, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.
Sjå elles:
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.