Ny rettleiar om inhabilitetsreglar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 26.08.2011
– God kunnskap om og rett bruk av habilitetsreglane er viktig for at folk skal ha tillit til kommunen sin, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Difor vil alle norske kommunepolitikarar få ein rettleiar om korleis dei skal forhalde seg til det nye regelverket.
– God kunnskap om og rett bruk av habilitetsreglane er viktig for at folk skal ha tillit til kommunen sin, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Difor vil alle norske kommunepolitikarar få ein rettleiar om korleis dei skal forhalde seg til det nye regelverket.
Første november i år trer nye og strengare habilitetsreglar i forvaltningslova i kraft. I den nye rettleiaren gjev kommunal- og regionaldepartementet greie for lovendringa.
Lovendringa er ein del av regjeringa si satsing på etikk i kommunesektoren. Ordførarar og andre folkevalde, rådmenn og andre tilsette i kommunane som også til dømes er styremedlem i eit offentleg eid selskap, vil no bli ugilde når kommunen handsamar ei sak der selskapet er part.
Det er viktig at folkevalde og tilsette i kommunar og fylkeskommunar er merksame på dei nye reglane og kva konsekvensar dei kan få.
- Vi ventar medvitne lokale folkevalde som kan vege verdien av eit styreverv opp mot verdien av å vere med og treffe avgjerder i politiske organ, seier Navarsete.
- Klåre, tydelege rollar er naudsynt om innbyggjarane framleis skal ha tillit til kommunane. Tillit er viktig om lokaldemokratiet skal fungere, seier Navarsete.
Etter kommunestyre- og fylkestingsvalet 12. september skal kommunar og fylkeskommunar velje representantar til ei rekke folkevalde organ og verv.
– Det er særs viktig at desse vala blir utførd i tråd med gjeldande reglar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet gjev difor no også ut eit rundskriv som orienterer om reglane som mellom anna gjeld for val av formannskap/fylkesutval, kommuneråd/fylkesråd, ordførar/fylkesordførar, varaordførar og faste utval. Departementet omtalar mellom anna dei nye reglane i kommunelova § 80 a om val av styre for kommunale og fylkeskommunale aksjeselskap (reglar om kjønnsmessig balanse).
- Habilitet i kommuner og fylkeskommuner. Om inhabilitetsreglene i forvaltningsloven og kommuneloven
- Val av formannskap/fylkesutval, kommuneråd/fylkesråd, ordførar/fylkesordførar, varaordførar, faste utval m.m. H-4/11.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.