Historisk arkiv

Nye regionale råd for Husbanken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Eg har sett saman dei nye råda for Husbanken med folk som har brei røynsle frå lokalt bustadpolitisk arbeid, seier Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Eg har sett saman dei nye råda for Husbanken med folk som har brei røynsle frå lokalt bustadpolitisk arbeid, seier Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Dei nye råda kjem i staden for dei gamle regionale Husbankstyra som blei avvikla i 2010. Råda blir viktige aktørar for å medverke til god samordning av bustadpolitikken mellom stat, kommune og private. Det er Husbanken som gjennomfører den statlege bustadpolitikken. Husbanken forvaltar økonomiske verkemiddel som bustøtte, tilskott og lån.

- For å  utnytte dei bustadpolitiske verkemidla effektivt, må Husbanken samarbeide aktivt med kommunar, byggjebransje og andre velferdsaktørar, difor har eg sett ned eit råd for kvart av dei seks regionkontora til Husbanken, seier Navarsete.

Råda skal vere bindeledd overfor samfunnet, og særskild overfor kommunane. Råda skal dessutan ha eit årleg møte med Kommunal- og regionaldepartementet for å diskutere bustadpolitiske spørsmål og gje innspel til korleis den sentrale bustadpolitikken kan bli utforma og gjennomført.

Statsråd Navarsete har oppnemnd følgjande til råda for regionkontora til Husbanken:

Region Hammerfest:
Geir Sagelv, Nordreisa – leiar, selvstendig næringsdrivende. Tidligere kommunalpolitikar i Nordreisa.
Gunhild Johansen, Tromsø, varaordførar
Eva Husby, Hasvik, ordførar 
Kristina Hansen, Nordkapp, ordførar
Frank Ingilæ, Tana, ordførar

Region Bodø:
Hild Marit Olsen, Bodø – leiar, kommunepolitikar
Siv Anita Brekke, Fauske, kommunepolitikar
Edmund Dahle, Sømna, ordførar
Kjell Børge Freiberg, Hadsel, ordførar
Johnny Finstad, Vestvågøy, ordførar

Region Midt-Norge:
Marit Voll Skrove, Verdal – leiar, kommunepolitikar
John Ole Aspli, Rindal, ordførar 
Bjørn Tømmerdal, Ålesund, ordførar
Sissel Trønsdal, Trondheim, kommunalråd
Robert Svarva, Levanger, ordførar

Region vest:
Lisbeth Iversen, Bergen – leiar, byråd for byutvikling, klima og miljø i Bergen
Jenny Følling, Gaular, ordførar
Petter Steen, Haugesund, ordførar
Solveig Malene Borgersen, Sandnes, kommunepolitikar
Odd Kristian Reme, Stavanger, kommunalråd

Region sør:
Tore Opdal Hansen, Drammen – leiar, ordførar
Mette Gundersen, Kristiansand, varaordførar
Thorild Brandsdal, Vennesla, ordførar og leder av KS Agder og Knutepunkt Sør
Arne Thomassen, Lillesand, ordførar
Rolf Erling Andersen, Skien, ordførar

Region øst:
Stian Berge Røsland, Oslo – leiar, byrådleiar Oslo
Anita Ihle Steen, Ringsaker, ordførar
Arve Bones, Kongsvinger, ordførar
Ole Haabet, Kråkerøy, Fylkesordførar Østfold
Eva Kristin Andersen, Fredrikstad, ordførar

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.