Historisk arkiv

Oppland fylkeskommune satsar på næringsutvikling og attraktive stadar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

54 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling som Oppland fylkeskommune brukte i 2010 gjekk til ulike næringsutviklingstiltak. Fylkeskommunen brukte til saman 37 prosent av midlane på stadutvikling, profilering og lokale tenester.

54 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling som Oppland fylkeskommune brukte i 2010 gjekk til ulike næringsutviklingstiltak. Fylkeskommunen brukte til saman 37 prosent av midlane på stadutvikling, profilering og lokale tenester.

Det viser rapporten frå Oppland fylkeskommune til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling i 2010. Den samla løyvinga til alle fylkeskommunane var på om lag 2,1 milliardar kroner, og Oppland fordelte 68,66 millionar kroner dette året. 

Fylkeskommunane har en sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor til fylkeskommunane.

39 millionar kroner vart brukte til regionale utviklingstiltak og tre millionar kroner har gått til satsinga på eit universitet i Innlandet. Av rapporten går det fram at fylket har ei svakare næringsutvikling enn resten av landet. Dette er knytt til ein næringsstruktur med tungt innslag av små og mellomstore bedrifter. Fylkeskommunen sine strategiar og mål for 2010 har difor vore å auke sysselsettinga i bransjar i framgang. Rapporten trekker fram moglegheiter innanfor mellom anna informasjonstryggleik, bioenergi, reiseliv og opplevingsbaserte næringar. 

Rundt 44 prosent av midlane som Oppland fylkeskommune fordelte  til regional utvikling frå KRD i 2010 gjekk, ifølge fylkeskommunen, til næringsutvikling i heile fylket gjennom Innovasjon Norge. 11 kommunar i Oppland har dessutan fått midlar frå fylkeskommunen til kommunale næringsfond for å støtte lokale etableringar og næringstiltak. Fylkeskommunen brukte 5,5 millionar kroner til reiselivssatsingar. I tillegg kjem løyvingar til fleire omstillingskommunar.

Oppland fylkeskommune brukte 18 prosent av midlane på stadutviklings- og profileringstiltak, som bulystprosjektet Ekte landsbyliv i Nordre Land kommune. Fylkeskommunen brukte 19 prosent av midlane til å sikre eit godt lokalt tenestetilbod.

- Oppland satsar særleg på at det eksisterande næringslivet skal vekse, og me ser at satsinga heng godt saman med utfordringane i fylket, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. 

Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.

Sjå elles:

  • Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
  • Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
  • Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
  • Tabell over tildeling av regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
  • Oppland fyllkeskommune 
  • Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar 


    Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.
  •