Kommuneproposisjonen 2012
Oppland får 203 millionar til samhandling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 13.05.2011
Kommunane i Oppland fylke får 203 millionar kroner til kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og utskrivingsklare pasientar neste år.
Kommunane i Oppland fylke får 203 millionar kroner til kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og utskrivingsklare pasientar neste år.
I samband med samhandlingsreforma får kommunane overført om lag 5 milliardar kroner over rammetilskotet i 2012. Dette er fordi kommunane får nye oppgåver ved innføring av kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og økonomisk ansvar for utskrivingsklare pasientar.
- Nye oppgåver skal kommunane få kompensasjon for. Desse oppgåvene får kommunane handlingsrom til å løyse sjølve eller saman med andre kommunar og i samarbeid med spesialisthelsetenesta, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Betre folkehelse og betre helsetilbod til innbyggjarane nær der dei bur er målet med samhandlingsreforma.
- Det vil lønne seg for kommunane å halde folk friske. Vi skal bli betre på førebygging og flinkare til å tilby det som skal til i forkant i staden for å reparere i etterkant, seier Navarsete.
Midlane vert fordelte gjennom inntektssystemet til kommunane. Fordelinga baserar seg på alderssamansettinga i befolkninga og tek omsyn til at behandlingskostnadene er aukande med alder.
Enkelte kommunar vil kunne ha høgare kostnader ved kommunal medfinansiering og utskrivingsklare pasientar ved innføringstidspunktet enn det som fordelinga i inntektssystemet fangar opp. Desse vil i ein overgangsperiode få ein kompensasjon utover det som vert fordelt gjennom kostnadsnøkkelen. Regjeringa vil i statsbudsjettet kome tilbake til nivå og retning på kompensasjonen.
Tabellen under viser ei berekning på kor mykje kommunane i Oppland fylke vil få gjennom kostnadsnøkkelen i inntektssystemet. Dei endelege tala vil avvike noko frå anslaget sidan endelege rammer vert fastsett i statsbudsjettet og kriteriedata om befolkningsutviklinga i kommunane er oppdaterte.
Fordeling av samhandlingsmidlar |
Beløp i 1000 kr |
0501 Lillehammer |
28 062 |
0502 Gjøvik |
30 479 |
0511 Dovre |
3 341 |
0512 Lesja |
2 529 |
0513 Skjåk |
2 686 |
0514 Lom |
2 754 |
0515 Vågå |
4 431 |
0516 Nord-Fron |
6 474 |
0517 Sel |
6 940 |
0519 Sør-Fron |
3 769 |
0520 Ringebu |
5 275 |
0521 Øyer |
5 265 |
0522 Gausdal |
6 979 |
0528 Østre Toten |
16 92 |
0529 Vestre Toten |
13 556 |
0532 Jevnaker |
6 497 |
0533 Lunner |
8 443 |
0534 Gran |
14 495 |
0536 Søndre Land |
6 524 |
0538 Nordre Land |
7 691 |
0540 Sør-Aurdal |
3 759 |
0541 Etnedal |
1 727 |
0542 Nord-Aurdal |
7 014 |
0543 Vestre Slidre |
2 516 |
0544 Øystre Slidre |
3 474 |
0545 Vang |
1 832 |
Oppland |
202 704 |
- Kommuneproposisjonen 2012
Prop. 115 S (2010-2011)
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.