Historisk arkiv

Oslo kommune satsar på entreprenørskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Oslo kommune brukte 44 prosent av dei løyvde regionale utiklingsmidlane på entreprenørskap i 2010. Entreprenørskap var det høgast prioriterte innsatsområdet for desse midlane i Oslo.

Oslo kommune brukte 44 prosent av dei løyvde regionale utiklingsmidlane på entreprenørskap i 2010. Entreprenørskap var det høgast prioriterte innsatsområdet for desse midlane i Oslo.

Det viser rapporten frå Oslo kommune til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling for 2010. Oslo kommune fordelte 14,23 millionar kroner av midlane som er løyvd frå Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett. Den samla løyvinga til alle fylkeskommunane på rundt 2,1 milliardar kroner i 2010, og Oslo kommune fekk 11, 5 millionar kroner i 2010.

Dei regionale utviklingsmidlane, unnateke midlane til Interreg, gjekk inn i Regionalt innovasjonsprogram for Oslo og Akershus, der entreprenørskap, innovasjon og næringsklynger, samt profilering var innsatsområda.

På entreprenørskap gav kommunen støtte til New Venture Accelerator ved Senter for entreprenørskap ved Universitetet i Oslo. Eitt av måla var utvikling av nye verksemder med utspring i den strategiske alliansen som er etablert mellom NCE Oslo Cancer Cluster og Canceropole Toulouse/Cancer Bio Sante Cluster. Oslo kommune gav 22 etablerarstipend via Innovasjon Noreg. I tillegg gav kommunen støtte til etablerarrettleiing i form av blant anna etablerarkurs på nett, og den tilbaud rettleiing til etablerarar med utanlandsk bakgrunn på fem forskjellige språk.
    
Oslo kommune brukte 11 prosent av midlane på å styrke næringsmiljøa i regionen. Midlane gjekk til leverandørutvikling for å bidra til fleire innovative offentlege innkjøp,  og til bedriftsnettverk og næringsklynger, for å fremme innovativ samhandling mellom bedrifter og forskings- og utdanningsinstitusjonar. 
 
Oslo kommune prioriterte også å profilere næringsliv og kunnskapsmiljø i utlandet for å styrke bedriftene si internasjonale konkurranseevne. Kommunen gav delfinansiering til EXPO 2010 og til Oslo Innovation Week.

Oslo kommune rapporterer at prosjekta er gjennomførte i tråd med kommunen sine strategiar og målsettingar.

- Oslo prioriterer særleg entreprenørskap, innovasjon og næringsutvikling. Dette er i tråd med kommunen sine mål om å vere ei drivkraft i Osloregionen, oppsummerar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd. 

Sjå elles:

  • Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
  • Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
  • Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
  • Tabell over tildeling av regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
  • Oslo kommune 
  • Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar