Historisk arkiv

Østfold fylkeskommune satsar på samarbeid med Sverige

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Østfold fylkeskommune satsar om lag 45 prosent av sine tildelte regionale utviklingsmidlar på samarbeidstiltak mellom norske og svenske partnarar for å utvikle økonomi og attraktive livsmiljø.

Østfold fylkeskommune satsar om lag 45 prosent av sine tildelte regionale utviklingsmidlar på samarbeidstiltak mellom norske og svenske partnarar for å utvikle økonomi og attraktive livsmiljø.

Det går fram av Østfold fylkeskommune sin samla rapport til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling for 2010. Østfold fylkeskommune fordelte 32,60 millionar kroner av dei tildelte midlane til regional utvikling i 2010. Den samla løyvinga til alle fylkeskommunane for regional utvikling var på rundt 2,1 milliardar kroner dette året.

Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor til fylkeskommunane.

Fylkeskommunen rapporterer om utfordringar med aukande alder  kombinert med færre menneske i omsorgssektoren. Klima- og folkehelseutfordringane, som rører ved alle sidene ved Østfoldsamfunnet har høg prioritet i fylkeskommunen. Rapporten trekker òg fram at fylket har blant dei dårlegaste levekåra i landet, og at det difor trengst å heve utdanningsnivået og utvikle gode buområde.

Om lag 45 prosent av midlane som fylkeskommunen fekk tildelt frå KRD gjekk til Interregprosjekt der norske, og svenske partnarar samarbeider om økonomisk utvikling og attraktive livsmiljø.

Fylkeskommunen brukte elles blant anna midlar i 2010 til å utarbeide ein strategiplan for utvikling rundt Moss lufthavn Rygge for å auke attraktiviteten til regionen. Midlane til næringsutvikling gjekk til å styrke næringsmiljø, vidareutvikle etablerte bedrifter og til entreprenørskap. Fylkeskommunen gav blant anna støtte til kunnskapsparken Inkubator Halden for å stimulere til knoppskyting og nyetableringar i tilknyting til NCE Smart Energy Systems, og til Borg Innovasjon for å støtte gründerar i utviklingsfasen.

Østfold fylkeskommune prioriterte òg kompetanseutvikling høgt. Fylkeskommunen brukte 10 prosent av midlane til dette føremålet, blant anna til medfinansiering av Verkemiddel for regional innovasjon (VRI). Dette har finansiert doktorgradsstipend og utvikla nettverksprosjekt mellom høgskule og næringsliv.

- Østfold si satsing på næringsutvikling gjenspeglar utfordringar knytt til at fylket er for lite attraktivt for næringsetableringar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.

Sjå elles:

  • Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
  • Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
  • Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
  • Tabell over tildeling av regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)  
  • Østfold fylkeskommune 
  • Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar 


    Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.