Pålegg om å utbetre bevaringsverdige bygg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 08.12.2011
- I nokre tilfelle må kommunen kunne påleggje at bevaringsverdige bygg blir utbetra. Det gjeld særleg dersom eigaren får uforholdsmessig høg forteneste av å la bygget forfalle, seier statsråd Liv Signe Navarsete
- I nokre tilfelle må kommunen kunne påleggje at bevaringsverdige bygg blir utbetra. Det gjeld særleg dersom eigaren får uforholdsmessig høg forteneste av å la bygget forfalle, seier statsråd Liv Signe Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sender no eit framlegg om dette ut på høyring.
- Vi vil hindre at bygg med høg bevaringsverdi går tapt. Kommunen bør kunne påleggje eigarar å utbetre. Det skal gjelde viss bygget har høg bevaringsverdi og forfallet har kome langt. Ein skal ikkje kunne spekulere i at bygg forfell til dei må rivast, seier Navarsete.
Kommunen skal berre kunne krevje at bygget blir utbetra til nivået det hadde hatt viss det hadde blitt normalt heldt ved like. Framlegget gjeld berre bygg, ikkje alle typar byggverk. Ein kan og få pålegg om sikring viss det er fare for at verdiar skal gå tapt
Kommunen må først vurdere verdien av å bevare, og må også gå i dialog med eigaren. Han skal mellom anna få høve til å utgreie alternativ bruk eller regulering. Det skal også takast omsyn til eigaren sin situasjon. Det gjeld både økonomisk og på annan måte. Dessutan skal eigaren få rimeleg frist for å utbetre bygget.
Departementet sender også justeringar i reglane om uavhengig kontroll på høyring. Framlegget klargjer korleis kontrollføretaka skal vere uavhengige. Tilhøvet til Norsk Standard blir også presisert.