Prisen som årets nynorskkommune 2011
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 29.08.2011
- Eg veit at mange kommunar arbeider for å styrkje nynorsken og brukar nynorsk aktivt i tenestene sine. Meld din kommune på i konkurransen om å bli årets nynorskkommune 2011, oppmodar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
- Eg veit at mange kommunar arbeider for å styrkje nynorsken og brukar nynorsk aktivt i tenestene sine. Meld din kommune på i konkurransen om å bli årets nynorskkommune 2011, oppmodar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Statsråden vil i haust dele ut prisen på 100 000 kroner til årets nynorskkommune. Ho ynskjer seg ein vinnar som kan vere eit førebilete for andre nynorskkommunar. Alle nynorskkommunane er velkomne til å søkje, òg dei som har søkt tidlegare år.
- Prisen skal gå til ein kommune som har nynorsk som målform. Eg vonar mange nynorskkommunar vil være med i konkurransen, seier Navarsete.
Kriteria er utarbeidd i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Stord kommune vann prisen då den blei delt ut for aller fyrste gong i 2009, og Seljord kommune vann prisen i 2010.
Dei som kan søkje om å få prisen er nynorskkommunar som har gjort ein innsats på eitt eller fleire av områda som er nemnde under:
- aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar
- aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen
- god målbruk blant tilsette
- marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
- tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule.
Prisen blir delt ut i løpet av november 2011.
Søknadsfristen er 15. oktober 2011
Det er kommunane sjølve som søkjer om å bli med i konkurransen.
Merk søknaden "årets nynorskkommune" og send til postmottak@krd.dep.no eller:
Kommunal- og regionaldepartementet
Postboks 8112 Dep
0032 Oslo.
Kontaktpersonar i Kommunal- og regionaldepartementet:
- Solveig Kolsrud, tlf. 22 24 72 09
- Eli Johanne Lundemo, tlf. 22 24 72 62.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.