Historisk arkiv

Rekordhøg innvandring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Tal frå SSB syner ei stor auke i folketalet i Noreg i fyrste kvartal i 2011. Tala syner vekst i folketalet i 269 av dei 430 kommunane i landet. Dette er ein meir enn i fjor, og det høgste talet i perioden 1998–2011. Alle fylka hadde vekst i folketalet.

Tal frå SSB syner ei stor auke i folketalet i Noreg i fyrste kvartal i 2011. Tala syner vekst i folketalet i 269 av dei 430 kommunane i landet. Dette er ein meir enn i fjor, og det høgste talet i perioden 1998–2011. Alle fylka hadde vekst i folketalet.

For dei minst sentrale kommunane i landet syner tala vekst i 86 av 177 kommunar. Dette er det nest høgste talet i perioden 1998–2011. Som i fyrste kvartal i fjor var det òg samla sett vekst i folketalet i desse områda.

Innvandringa står for heile fire femdelar av veksten på landsbasis. Takka vere innvandringa, fekk heile 51 distriktskommunar positive tall i staden for negative i fyrste kvartal i 2011.

- Innvandrarane er ei ressurs for Noreg. Eg gler meg over at innvandringa kjem i heile landet, frå storby til småsamfunn, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Sjølv om trenden no er positiv mange stader i landet trengst det framleis ein langsiktig og kraftfull innsats for at folk skal få reell valfridom til å busetje seg der dei vil. - Gjeninnføringa av differensiert arbeidsgjevaravgift, styrka kommuneøkonomi og betra samferdsletilbod har mykje å sei for at folk skal få reell valfridom til å busetje seg der dei vil, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.