Historisk arkiv

Risør Næringshage inn i nytt næringshageprogram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Risør Næringshage får tilbod om å delta i det nye næringshageprogrammet frå 1. juli 2011. Dette har Aust-Agder fylkeskommune og SIVA bestemt.

Risør Næringshage får tilbod om å delta i det nye næringshageprogrammet frå 1. juli 2011. Dette har Aust-Agder fylkeskommune og SIVA bestemt.

- Næringshageprogrammet er viktig fordi vi har tru på at samlokalising av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø kan stimulere til kreativitet og pågangsmot. Evalueringar har synt at dette er utviklande for dei etablerte bedriftene, men vi har også sett mange eksempel  på at det ut av slike miljø veks nye idear og nye bedrifter, seier statssekretær Hege Solbakken.

Risør Næringshage er ein regional utviklingsaktør med eit breidt nedslagsfelt så vel tematisk som geografisk. Næringshagen har i dag 18 bedrifter med totalt 21 personar. Risør Næringshage har som hovudmål å vere eit viktig verktøy for å utvikle kompetanse, innovasjon og nyskaping for bedriftene i regionen.

Hovudmål for det nye programmet skal vere auka verdiskaping, og det blir lagt vekt på nyskaping og innovasjon. Samlokalisering av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø skaper auka verdiskaping, meirverdi, konkurransekraft og innovasjonar. Næringshagane bidreg til å trekkje til seg og rekruttere dyktige medarbeidarar til næringslivet i regionen.

- Eg er svært nøgd med at det nye programmet no er kome i gang og ser positivt på det  tette samarbeidet  mellom fylkeskommunane og SIVA i gjennomføringa av programmet, seier statssekretæren. 

Kommunal- og regionaldepartementet har auka rammene for næringshageprogrammet frå 20 millionar kroner i 2010 til 35 millionar kroner i 2011.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.