Rogaland fylkeskommune satsar på næringsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 04.10.2011
Rogaland fylkeskommune brukte 77 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling på næringsutvikling i 2010. Under denne satsinga prioriterte fylkeskommunen entreprenørskap.
Rogaland fylkeskommune brukte 77 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling på næringsutvikling i 2010. Under denne satsinga prioriterte fylkeskommunen entreprenørskap.
Det syner rapporten frå Rogaland fylkeskommune til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av dei regionale utviklingsmidlane. Rogaland fylkeskommune fordelte 44,90 millionar kroner av midlane til regional utvikling frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2010. Den samla løyvinga til alle fylkeskommunane var på om lag 2,1 milliardar kroner dette året.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor til fylkeskommunane.
Utfordringar i fylket, slik det går fram av rapporten, er mellom anna å kople næringsutvikling med miljøomsyn på landbruksområdet. Ei anna utfordring er å skape næringsklynger med både forskings- og utviklingsaktivitet for å oppnå vekst i heile fylket.
I rapporten skriv fylkeskommunen at hovudprioritet i 2010 har vore å bidra til nyskaping i næringslivet. Innovasjon Noreg har gitt midlar til innovasjon i distrikta. Reiseliv og mat er blant satsingsområda, og døme på prosjekt er Energihotellet AS i Suldal og utviklingsarbeid for oppdrett av kråkebollar på Finnøy. Fylkeskommunen prioriterte òg å vidareutvikle etablerte bedrifter. Når det gjeld entreprenørskap, gav Innovasjon Noreg 44 etablerarstipend i 2010, og av desse gjekk 24 til kvinner, unge og innvandrarar.
Rogaland fylkeskommune brukte i tillegg midlar på å styrke dei regionale næringsmiljøa. Fylkeskommunen trekker fram tre døme på satsingar innan Virkemiddel for regional innovasjon (VRI), som dialogkonferanse om utfordringar innan landbruket knytt til EU sitt nye vatndirektiv, forprosjekt i regi av Biotatools AS om lakselus og forprosjekt i regi av Knutsen OAS Shipping AS om reinsing av ballastvatn. VRI skal gi meir samarbeid mellom næringsliv og forskings- og utdanningsmiljø.
Fylkeskommunen brukte 15 prosent av midlane på stadutvikling og profilering.
- Rogaland fylkeskommune vil skape eit kreativt miljø for konkurransedyktige bedrifter og arbeidsplassar. Satsinga på nyskaping er tydeleg i det arbeidet dei legg ned i det regionale utviklingsarbeidet. Fylkeskommunen bygger på ei oppfatning om at det er ein samanheng mellom næringsutvikling og busetting i heile fylket, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.
Sjå elles:
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.