Historisk arkiv

Skjønsmidlar til flaumramma kommunar og fylke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa gir 170 millionar kroner ekstra i skjønsmidlar til flaumramma kommunar og fylkeskommunar. – Vi vil hjelpe kommunane med delar av ekstrautgiftene deira, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Flaum ga store skader på vegane i 2011. Mange kommunar og fylkeskommunar har fått store uventa utgifter på grunn av dette. Desse kommunane vil få ein kompensasjon knytt til dei akutte ekstrautgiftene til kommunal infrastruktur i samband med flaumen, seier Navarsete.

I nysaldert budsjett blei det gitt 100 millionar kroner ekstra til flaumramma kommunar og fylkeskommunar.

Til saman vil kommunal- og regionaldepartementet betale ut om lag 170 millionar kroner til kommunar og fylkeskommunar som var råka av flaum i 2011. Dei som vart hardast råka av flaumen, vil få høgare kompensasjon enn andre. Kompensasjonen vil bli utbetalt før nyttår.

  • Skjønnsmidler til flomrammede kommuner og fylkeskommuner i 2011 [ Excel ] [ Odf ]

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.