Sogn og Fjordane fylkeskommune prioriterer næringsutvikling og stadutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 04.10.2011
Sogn og Fjordane fylkeskommune brukte 55 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling på næringsutvikling og 24 prosent på stadutvikling og profilering i 2010.
Sogn og Fjordane fylkeskommune brukte 55 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling på næringsutvikling og 24 prosent på stadutvikling og profilering i 2010.
Dette syner rapporten frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av dei regionale utviklingsmidlane i 2010. Den totale løyvinga var på om lag 2,1 milliardar kroner dette året. Sogn og Fjordane fordelte same året 143,06 millionar kroner av sine regionale utviklingsmidlar.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane.
Sogn og Fjordane rapporterer om utfordringar med å kompensere for tap av sysselsette i utsette næringar som jordbruk, fiske og industri. Den tenesteytande sektoren er ikkje stor nok til å kompensere for desse tapa. Eit viktig arbeid har difor vore å prioritere utviklingstiltak i eksisterande næringsliv, vidareutvikle reiselivsnæringa og kulturnæringa, samt forsking og utvikling. Fylkeskommunen trekker fram at den største enkeltløyvinga på budsjettet gjekk til bedriftsretta tiltak via Innovasjon Noreg.
Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt overordna mål er å oppretthalde folketalet og busetnadsmønsteret i fylket. Rapporten for 2010 trekker difor fram tiltak for gjere lokalsamfunn attraktive, som til dømes tettstadutvikling. I 2010 er det gjennomført tiltak i kommunane Flora, Førde og Sogndal. Fylkeskommunen meiner dette er viktig både for næringslivet og for busetnaden.
Sogn og Fjordane fylkeskommune brukte 17 prosent av midlane til infrastruktur. Her trekker fylkeskommunen fram breibandutbygging i regi av Breibandforum, som er ei arbeidsgruppe under IT-forum Sogn og Fjordane. Alle kommunane i fylket er med. Fylkeskommunen melder om at 98 prosent av innbyggjarane no har tilgang til breiband. Mobildekninga er enno ikkje bygd fullt ut.
- Å vidareutvikle bedrifter og å satse på stadutvikling og profilering er viktige strategiar for å oppretthalde folketalet i Sogn og Fjordane. Eg har god tru på at Sogn og Fjordane vil lukkast, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.
Sjå elles:
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.