Historisk arkiv

Sør-Trøndelag fylkeskommune satsar på innovasjon og forsking for å utvikle samfunns- og næringsliv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Sør-Trøndelag fylkeskommune har i 2010 prioritert å få til ei tettare kopling mellom kompetansemiljøa i regionen og kommunar, næringsliv og offentlege institusjonar.

Sør-Trøndelag fylkeskommune har i 2010 prioritert å få til ei tettare kopling mellom kompetansemiljøa i regionen og kommunar, næringsliv og offentlege institusjonar.

Innovasjon, entreprenørskap, forsking og utvikling er alle sentrale stikkord for Sør-Trøndelag fylkeskommune si utviklingssatsing. Sør-Trøndelag fylkeskommune løyvde i 2010 til saman om lag 107 millionar kroner i midlar til regional utvikling over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett kap. 551, post 60 og 61, i 2010.

Den samla innsatsen for regional utvikling i fylket, består frå fylkeskommunens side av både tilskotmidlar og arbeidsinnsats. I perioden 2009-2012 skjer innsatsen innanfor ramma av Felles fylkesplan for Trøndelagsfylka. Det viser rapporten frå Sør-Trøndelag fylkeskommune til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling i 2010.

Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. I dei strategiske føringane for bruken av dei regionale utviklingsmidlane i Sør-Trøndelag skal fokus vere på  verdiskaping, kreativitet og vilje. Midlane skal bidra til verdiskaping og varige arbeidsplassar i alle delar av fylket.

Sør-Trøndelag fylkeskommune brukte i 2010 over halvparten av dei regionale utviklingsmidlane til bedriftsretta tiltak. Dei største postane er direkte overføring til Innovasjon Noreg i Sør-Trøndelag (37 millionar kroner) og støtte til kommunale næringsfond (om lag 16 millionar kroner). I dei seinare åra er det brukt mykje arbeidskapasitet og pengar på arbeid for å sikre at kommunar, næringsliv og offentlige institusjonar  får tilgang på de tunge kompetansemiljø i regionen. Ungt Entrepenørskap, Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI), Norwegian Centres of Expertise (NCE), Arena-program og NTNU Discovery er satsingar som bidrar å bygge bruer mellom kompetansemiljøa og næringslivet i regionen. Konkrete eksempel på satsingar er oppretting av nye typar ingeniørstudium ved Høgskolen i Sør-Trøndelag (NCE), forskingsprograms om Grønn forskning og forsking på bioenergi (VRI) og Biokom - Eit treårig prosjekt for å utvikle bioenergi frå skog for å energiøkonomisere industrien.  

Sør-Trøndelag fylkeskommune fordeler regionale utviklingsmidlar i tett dialog med bla kommunar og næringsliv. Fylket har ein storby, og mange distriktskommunar. Fleire av distriktskommunane har arbeider med tettstadsutvikling og omdømme for å halde på dagens innbyggarar og tiltrekke seg nye. I 2010 blei om lag 16 prosent av dei regionale utviklingsmidlane fordelt til prosjekt for å auke attraktiviteten for folk og næringsliv. Eksempel på store prosjekt som og distriktskommunar eig og finansierer saman er Blilyst (10 eigarkommunar i 2010) og Kysten er klar (11 eigarkommunar i 2010).

- Å vidareutvikle eksisterande næringsliv er ein viktig strategi for å ta vare på og vidareutvikle arbeidsplassar i heile fylket. Det blir spanande å følgje effekten av at Sør-Trøndelag satsar til dels mykje på dette, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. 

Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.

Sjå elles:

  • Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
  • Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
  • Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
  • Tabell over tildeling av regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf) 
  • Sør-Trøndelag fylkeskommune 
  • Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar 


    Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.