Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2012

Sør-Trøndelag får 280 millionar til samhandling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunane i Sør-Trøndelag fylke får 280 millionar kroner til kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og utskrivingsklare pasientar neste år.

Kommunane i Sør-Trøndelag fylke får 280 millionar kroner til kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og utskrivingsklare pasientar neste år.

I samband med samhandlingsreforma får kommunane overført om lag 5 milliardar kroner over rammetilskotet i 2012. Dette er fordi kommunane får nye oppgåver ved innføring av kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og økonomisk ansvar for utskrivingsklare pasientar.

- Nye oppgåver skal kommunane få kompensasjon for. Desse oppgåvene får kommunane handlingsrom til å løyse sjølve eller saman med andre kommunar og i samarbeid med spesialisthelsetenesta, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Betre folkehelse og betre helsetilbod til innbyggjarane nær der dei bur er målet med samhandlingsreforma.

- Det vil lønne seg for kommunane å halde folk friske. Vi skal bli betre på førebygging og flinkare til å tilby det som skal til i forkant i staden for å reparere i etterkant, seier Navarsete.

Midlane vert fordelte gjennom inntektssystemet til kommunane. Fordelinga baserar seg på alderssamansettinga i befolkninga og tek omsyn til at behandlingskostnadene er aukande med alder.   

Enkelte kommunar vil kunne ha høgare kostnader ved kommunal medfinansiering og utskrivingsklare pasientar ved innføringstidspunktet enn det som fordelinga i inntektssystemet fangar opp. Desse vil i ein overgangsperiode få ein kompensasjon utover det som vert fordelt gjennom kostnadsnøkkelen. Regjeringa vil i statsbudsjettet kome tilbake til nivå og retning på kompensasjonen.

Tabellen under viser ei berekning på kor mykje kommunane i Sør-Trøndelag fylke vil få gjennom kostnadsnøkkelen i inntektssystemet. Dei endelege tala vil avvike noko frå anslaget sidan endelege rammer vert fastsett i statsbudsjettet og kriteriedata om befolkningsutviklinga i kommunane er oppdaterte.

Fordeling av samhandlingsmidlar

Beløp i 1000 kr

1601 Trondheim

156 251

1612 Hemne

4 539

1613 Snillfjord

1 165

1617 Hitra

4 666

1620 Frøya

4 720

1621 Ørland

5 257

1622 Agdenes

2 141

1624 Rissa

7 070

1627 Bjugn

5 170

1630 Åfjord

3 809

1632 Roan

1 259

1633 Osen

1 317

1634 Oppdal

7 058

1635 Rennebu

3 159

1636 Meldal

4 776

1638 Orkdal

11 428

1640 Røros

6 314

1644 Holtålen

2 521

1648 Midtre Gauldal

6 574

1653 Melhus

13 890

1657 Skaun

6 153

1662 Klæbu

4 672

1663 Malvik

10 837

1664 Selbu

4 645

1665 Tydal

1 081

Sør-Trøndelag

280 472

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.