Statsråd Liv Signe Navarsete opnar EM for ungdomsbedrifter i Oslo
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 05.08.2011
4.-6. august arrangerer Ungt Entreprenørskap EM for ungdomsbedrifter i Oslo. Meir enn 600 deltakarar og gjester frå 63 nasjonar kjem til Oslo desse dagane. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete opnar arrangementet og roser arbeidet Ungt Entreprenørskap gjer med å støtte opp om og dyrke engasjementet, kreativiteten og motet hos unge skaparar.
4.-6. august arrangerer Ungt Entreprenørskap EM for ungdomsbedrifter i Oslo. Meir enn 600 deltakarar og gjester frå 63 nasjonar kjem til Oslo desse dagane. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete opnar arrangementet og roser arbeidet Ungt Entreprenørskap gjer med å støtte opp om og dyrke engasjementet, kreativiteten og motet hos unge skaparar.
- Vi er inne i ei tung tid for landet. Eg set pris på å få lov til å kunne opne eit internasjonalt arrangement for ungdom der fokus er skaparglede, tru på framtida og samhandling med andre kulturar og nasjonar. Det gjer meg optimistisk for framtida å sjå så mykje engasjert, kreativ og dyktig ungdom, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Dei beste ungdomsbedriftene frå vidaregåande skular frå heile Europa konkurrerer om å vinne utmerkinga ”Europas beste Ungdomsbedrift”.
- Unge har nye idear og syn på utvikling. Det er viktig at utdanningssystemet stimulerer denne kreativiteten og utviklar nødvendige ferdigheiter for å realisere draumar. Ungdomsbedriftsprogrammet er ein god øvingsarena for å verte entreprenør, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
I 2009 la KD, NHD og KRD fram ein handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga 2009-2014. Regjeringa ønskjer å styrke kvaliteten på og omfanget av entreprenørskapsretta opplæring innafor alle nivå og fagområde i utdanningssystemet. Ungt Entreprenørskap er ein viktig aktør i dette arbeidet.
Ungt Entreprenørskap er ein fri og uavhengig organisasjon som arbeider aktivt saman med skular og utdanningsinstitusjonar for å gjere sitt til at alle elevar og studentar får eit tilbod om opplæring i entreprenørskap. Aktiviteten har vakse kraftig etter at organisasjonen vart etablert i 1997. Over halvparten av alle vidaregåande skular i Noreg tilbyr i dag ungdomsbedrift.
Foto: Ungt Entreprenørskap
Fra venstre: Anne Marthe Lie (økonomiansvarlig i Catura UB), statsråd Liv Signe Navarsete, Ralph de la Vega (styreleder i JA Worldwide og President og CEO i AT&T Mobility) og redaktør Kristine G. Alstad.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.