Historisk arkiv

Telemark fylkeskommune satsar på å vidareutvikle bedrifter og på stadutvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

60 prosent av dei løyvde midlane som Telemark fylkeskommune brukte til regional utvikling i 2010 gjekk til ulike tiltak for næringsutvikling. Over halvparten av dette gjekk til å vidareutvikle etablerte bedrifter.

60 prosent av dei løyvde midlane som Telemark fylkeskommune brukte til regional utvikling i 2010 gjekk til ulike tiltak for næringsutvikling. Over halvparten av dette gjekk til å vidareutvikle etablerte bedrifter. 

Det går fram av rapporten frå Telemark fylkeskommune til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling for 2010.
Den totale løyvinga til alle fylkeskommunane var på rundt 2,1 milliardar kroner. Telemark fylkeskommune fordelte 69,21 millionar kroner som var løyvd frå Kommunal- og regionaldepartementet til regional utvikling i 2010.

Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor til fylkeskommunane.

I satsinga på næringsutvikling brukte fylkeskommunen òg midlar på entreprenørskap både i utdanninga og for nyetablerarar. I rapporten trekker Telemark fram at fylket har mange ungdomsbedrifter og peikar på særs gode resultat i studentbedriftene. Innovasjon Noreg brukte 26 prosent av dei næringsretta verkemidla på unge vaksne i 2010.

Blant andre tiltak for næringsutvikling nemner rapporten løyvingar til ei rekke program knytt til mat, energi og bioteknologi, kunst og kultur.

Telemark fylkeskommune prioriterte òg stadutvikling og profilering høgt med 24 prosent av midlane. Fylkeskommunen har inngått et samarbeid om stadutvikling med Buskerud og Vestfold. Eksempel på tiltak for stadutvikling er Bakgårdsprosjektet Mosaikk i Skien, som er viktig for å revitalisere byen. Stadutvikling er også ein sentral del av Interreg-prosjektet Transinform, som bidreg til å bygge kompetanse på tvers av kommunegrenser i Telemark og over landegrenser.

Telemark fylkeskommune har leiinga av partnarskapen for Forskingsrådet sitt program Virkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI). Fylkeskommunen fremhevar auka samhandling mellom forskningsinstitusjoner og næringsliv som viktige resultat av VRI,  som gjer at fylkeskommunen blir meir synleg som forvaltar av forskings- og utviklingsressursar. 

- Me veit at folk treng arbeid for å bli verande eller flytte til ein stad. Dette er likevel ikkje nok. Det er difor interessant å sjå at Telemark satsar både på næringsutvikling og stadutviking for å utvikle attraktive lokalsamfunn, oppsummerer kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.

Sjå elles:

  • Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
  • Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
  • Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
  • Tabell over tildeling av regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf) 
  • Telemark fylkeskommune 
  • Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar 


    Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.