Historisk arkiv

Troms fylkeskommune satsar på infrastruktur og næringsutvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

36 prosent av dei løyvde regionale utviklingsmidlane som Troms fylkeskommune brukte i 2010 gjekk til infrastruktur. Dette var det høgast prioriterte innsatsområdet for desse midlane i Troms, og ingen andre fylkeskommunar brukte meir på infrastruktur i 2010.

36 prosent av dei løyvde regionale utviklingsmidlane som Troms fylkeskommune brukte i 2010 gjekk til infrastruktur. Dette var det høgast prioriterte innsatsområdet for desse midlane i Troms, og ingen andre fylkeskommunar brukte meir på infrastruktur i 2010.

Det går fram av rapporten frå Troms fylkeskommune til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av dei regionale utviklingsmidlane i 2010. Troms fylkeskommune fordelte 416,35 millionar kroner av desse midlane i 2010. Den samla løyvinga til fylkeskommunane var på om lag 2,1 milliardar kroner dette året.

Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane.

Hovudutfordringane for Troms fylkeskommune, slik det går fram av rapporten, er den negative folketalsutviklinga samla, og særleg blant unge kvinner. Det er likevel forskjellar mellom regionane i fylket. I Tromsø har folketalet auka, medan dei fleste distriktskommunane og Sør-Troms, med unntak av Harstad, har opplevd nedgang i folketalet. Gjennom bruken av midlane har Troms difor fokusert spesielt på kvinner og ungdom i arbeidet med næringsutvikling. Fylkeskommunen rapporterer òg om utfordringar knytt til infrastruktur, og Troms har difor satsa ekstra på det i 2010.

Rapporten trekker fram løyvingar til infrastruktur som utbetring av vegar og rassikring. Rundt 18 millionar kroner gjekk ifølge fylkeskommunen til kommunale næringsretta tiltak, som utbygging av hamner, kommunale næringsområde, vassforsyning og stadutvikling. I tillegg har fylkeskommunen løyvd midlar til fylkesveg 365 Altaeidet-Jøkelfjord. Fylkeskommunen prioriterte òg å byggje ut breibandkapasiteten for å skape gode rammevilkår for samfunns- og næringslivet.

Eit anna område som Troms fylkeskommune prioriterte høgt i 2010, var å vidareutvikle etablerte bedrifter, som ein del av satsinga på næringsutvikling. Fylkeskommunen brukte 28 prosent av dei regionale utviklingsmidlane på å vidareutvikle etablerte bedrifter.

- Det er interessant at Troms satsar relativt mykje på kommunal og fylkeskommunal infrastruktur i forhold til dei andre fylka. Det blir spanande å sjå korleis denne satsinga saman med dei andre prioriterte tiltaka gir resultat for eksempel for folketalsutvikling, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.

Sjå elles:

  • Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
  • Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
  • Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
  • Tabell over tildeling av regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf) 
  • Troms fylkeskommune 
  • Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar 


    Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.