Utset uavhengig kontroll av byggjeprosjekt
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 29.04.2011
Ein kongeleg resolusjon av 29. april 2011 stadfestar at ordninga med uavhengig kontroll av byggjeprosjekt i plan- og bygningslova blir utset i eitt år, til 1. juli 2012.
Ein kongeleg resolusjon av 29. april 2011 stadfestar at ordninga med uavhengig kontroll av byggjeprosjekt i plan- og bygningslova blir utset i eitt år, til 1. juli 2012.
– Når vi gjer ein stor og viktig regelendring som skal redusere byggfeil, er det viktig at alt fungerer godt. Byggfeil kostar samfunnet og innbyggjarane fleire milliardar kroner kvart år. Ein treng meir tid for å få på plass dei godkjente føretaka som skal stå for kontrollen. Dessutan har både byggjenæringa og kommunane signalisert at dei ynskjer å setje seg betre inn i dei nye reglane før dei trer i kraft, seier kommunal og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Fram til dei nye reglane blir sette i kraft 1. juli 2012, gjeld dei eksisterande krava til kvalitetssikring og system i føretaka. Kommunane har dessutan mulegheit til å krevje uavhengig kontroll der dei måtte ha behov for det. Dette er ei vidareføring av ordninga slik ho har fungert sidan 1997.
Les meir her: (link til pressemelding frå februar 2011)
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.