Utset uavhengig kontroll for å sikre kvalitet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 17.02.2011
- For å gje folk betre tryggleik for at byggjeprosjekta deira blir godt kontrollerte og utan feil, utset vi reglane for uavhengig kontroll i plan- og bygningslova i eitt år, til 1. juli 2012, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
- For å gje folk betre tryggleik for at byggjeprosjekta deira blir godt kontrollerte og utan feil, utset vi reglane for uavhengig kontroll i plan- og bygningslova i eitt år, til 1. juli 2012, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Dei nye reglane vil innebere at kritiske faktorar som mellom anna fuktsikring, branntryggleik og konstruksjonar, må kontrollerast av eit profesjonelt og uavhengig kontrollføretak før byggjeprosjektet kan erklærast ferdig. I dag er det føretaka si eige kvalitetssikring (eigenkontroll) som primært gjeld.
– Byggjefeil kostar samfunnet og innbyggjarane fleire milliardar kroner kvart år. Når vi gjer ein stor og viktig regelendring som skal redusere byggjefeil, er det viktig at alt fungerer godt. Ein treng meir tid for å få på plass dei godkjente føretaka som skal stå for kontrollen. Dessutan har både byggjenæringa og kommunane signalisert at dei ynskjer å setje seg betre inn i dei nye reglane før dei trer i kraft, seier kommunal og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Ulike aktørar har operert med forskjellege tal på kostnadene knytt til uavhengig kontroll. Departementets berekningar syner at viss det handverksmessige er godt utført og kvalitetssikra, vil den uavhengige kontrollen bli særs enkel og billeg, om lag 1000 - 5000 kroner.
Regjeringa vil i næraste framtid leggje fram ein kongeleg resolusjon om å utsetje reglane. Fram til dei nye reglane blir sette i kraft 1. juli 2012, gjeld dei eksisterande krava til kvalitetssikring og system i føretaka. Kommunane har dessutan mulegheit til å krevje uavhengig kontroll der dei måtte ha behov for det. Dette er ei vidareføring av ordninga slik ho har fungert sidan 1997.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.