Historisk arkiv

Vest-Agder fylkeskommune satsar på stadutvikling og næringsutvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Vest-Agder fylkeskommune brukte 33 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling på stadutvikling og profilering i 2010. Det største satsingsområdet var næringsutvikling der fylkeskommunen brukte 46 prosent av midlane.

Vest-Agder fylkeskommune brukte 33 prosent av dei løyvde midlane til regional utvikling på stadutvikling og profilering i 2010. Det største satsingsområdet var næringsutvikling der fylkeskommunen brukte 46 prosent av midlane.

Dette går fram av rapporten Vest-Agder fylkeskommune har sendt Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av dei regionale utviklingsmidlane. Vest-Agder fylkeskommune fordelte 43,97 millionar kroner av dei tildelte midlane til regional utvikling i 2010. Den samla løyvinga til alle fylkeskommunane var på rundt 2,1 milliardar kroner dette året.

Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor til fylkeskommunane.

Av særlege utfordringar i fylket, rapporterer Vest-Agder om eit konkurranseutsett næringsliv. Fylkeskommunen har difor sett i verk tiltak for å betre konkurranseevna og å bidra til vekst og nye arbeidsplassar i fylket gjennom nyskaping og omstilling.

I satsinga på næringsutvikling brukte Vest-Agder fylkeskommune midlane til entreprenørskap, til å styrke regionale næringsmiljø og til å vidareutvikle etablerte bedrifter. Eit eksempel på ei slik satsing er Lindesnesregionen næringshage, som hjelper bedrifter  med oppstart og til å utvikle seg. 18 prosent av midlane gjekk også til infrastruktur for å betre rammevilkår for folk og næringsliv.

I satsinga på stadutvikling og profilering trekker fylkeskommunen fram Sørlandsbadet i Lyngdal, som er inne i sitt fjerde år, og reiselivsprosjekt som Vertskapsbyen Kristiansand og Sørnorsk kystnatur.
 
Andre utfordringar fylkeskommunen trekker fram, er å identifisere uutnytta potensial knytt til unge, kvinner og innvandrarar. Fylkeskommunen har gitt støtte til prosjekt for desse målgruppene. Talet på ungdomsbedrifter har vakse kraftig, og eit rekordhøgt tal jenter på vidaregåande skular har valt realfag. Fylkeskommunen har i samarbeid med utdanningsinstitusjonar og næringsliv satsa på å betre likestillinga i fylket. Female Future Agder skal blant anna bidra til at kvinner kjem inn i leiarstillingar, og Global Future Agder skal hjelpe innvandrarar inn i relevant arbeid.

- Me registrerer at fylkeskommunen har identifisert særskilte utfordringar knytt til unge, likestilling og innvandrarar, og at den har følgt opp med tiltak spesielt retta mot desse målgruppene. Det er òg interessant at Vest-Agder satsar så mykje på stadutvikling, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.

Sjå elles:

  • Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
  • Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
  • Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
  • Tabell over tildeling av regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf) 
  • Vest-Agder fylkeskommune 
  • Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar 


    Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.