Historisk arkiv

Vestfold fylkeskommune satsar på å styrke næringsmiljø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Vestfold fylkeskommune brukte 42 prosent av dei løyvde regionale utiklingsmidlane på å styrke dei regionale næringsmiljøa i 2010 og prioriterte dette høgast.

Vestfold fylkeskommune brukte 42 prosent av dei løyvde regionale utiklingsmidlane på å styrke dei regionale næringsmiljøa i 2010 og prioriterte dette høgast.
 
Det går fram av rapporten frå Vestfold fylkeskommune til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling for 2010. Vestfold fordelte i 2010 12,57 millionar kroner av dei tildelte midlane til regional utvikling frå Kommunal- og regionaldepartementet. I 2010 var løyvinga til Vestfold fylkeskommune  var på til saman 11,5 millionar kroner. Den samla løyvinga til alle fylkeskommunane var på rundt 2,1 milliardar kroner dette året.

Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor til fylkeskommunane.

I tillegg til satsinga på næringsmiljøa brukte fylkeskommunen 26 prosent av midlane på entreprenørskap. I rapporten skriv fylkeskommunen at den har brukt tre firedelar av midlane til etablerarstipend, Verkemiddel for regional utvikling og innovasjon (VRI), og Norwegian Centres of Expertise (NCE). NCE og VRI er store nasjonale program med mål om regional vekst gjennom meir samarbeid mellom næringsliv og forskings- og utdanningsmiljø.

Fylkeskommunen løyver også midlar til strukturendring innan høgskulesektoren i Vestfold og til ti-tolv mindre prosjekt.

- Meir kunnskap i privat sektor er naudsynt for å kunne konkurrere med aktørar frå andre land. Det er spennande å sjå at Vestfold satsar på dette, oppsummerer kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.

Sjå elles:

  • Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
  • Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
  • Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
  • Tabell over tildeling av regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf) 
  • Vestfold fylkeskommune 
  • Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar 


    Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.