Historisk arkiv

Viktige endringar i vallova og valforskrifta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Under valet til hausten blir det mellom anna nye krav til forsegling av valurner både ved førehandsrøystinga og røystinga på valdagen. Det er klart etter at Kongen i statsråd 13.05.11 har sanksjonert og sett i verk endringar i vallova.

Under valet til hausten blir det mellom anna nye krav til forsegling av valurner både ved førehandsrøystinga og røystinga på valdagen. Det er klart etter at Kongen i statsråd 13.05.11 har sanksjonert og sett i verk endringar i vallova.

Samstundes har Kommunal- og regionaldepartementet vedteke enkelte forskriftsendringar for valgjennomføringa.

Endringane har bakgrunn i departementet si evaluering av stortingsvalet i 2009 og merknader frå OSSE som gjennomførte valobservasjon ved valet. Enkelte endringar blir sett i verk frå valet til hausten, medan andre først får verknad etter valet.

Endringar som er sett i verk no:

  • Kravet til forsegling av valurner blir følgd opp med nye reglar i valforskrifta om tømming av urner.
  • Folkeregisterstyresmaktene pliktar å utlevere eit uttrekk av folkeregisteret pr. 1. april i valåret til kontroll av vallister.
  • Det blir krav til kvittering ved overlevering av valmateriell mellom valmyndigheiter.
  • Laurdag blir jamstilt med heilagdagar når det gjeld berekning av fristar etter vallova.

Frå 2012 blir også følgjande endringar sett i verk:

  • Innføring av ein generell fritaksregel frå å måtte stille til val ved kommunestyre- og fylkestingsval.
  • Krav om at listekandidatar ikkje kan ha oppgåver i vallokalet. Listekandidatar vil ikkje lenger kunne veljast til røystestyra eller gjere teneste som røystemottakar og valfunksjonærar. Det er viktig at dei som har ansvaret for gjennomføringa av valet opptrer upartisk, og at veljarane har tryggleik for at dette er tilfelle.

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.