Vil prise godt lokaldemokrati
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 01.09.2011
Norske kommunar kan oppnå heider, ære og Europarådet si utmerking for innovasjon, godt styresett og lokaldemokrati. No inviterer kommunalminister Liv Signe Navarsete og KS-leiar Halvdan Skard kommunane til å delta.
Norske kommunar kan oppnå heider, ære og Europarådet si utmerking for innovasjon, godt styresett og lokaldemokrati. No inviterer kommunalminister Liv Signe Navarsete og KS-leiar Halvdan Skard kommunane til å delta.
- Dette er eit viktig tiltak for å styrkje lokaldemokratiet både i Noreg og i Europa. Her får kommunane høve til å måle seg i forhold til europeisk standard og i forhold til andre kommunar i Noreg og andre land. Dette er ein måte både lokaldemokratiet i den enkelte kommune og det kommunale sjølvstyret kan utvikle seg, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Saman med styreleiar Halvdan Skard i KS sender ho i dag brev til alle kommunane med invitasjon om å delta i Europarådet sitt arbeid med lokaldemokrati og godt styresett. Deltakarkommunane må gjennom ei sjølvevaluering samt ei vurdering av ei ekspertgruppe. Dersom kommunen kjem over eit visst nivå på ulike kriterium, vil dei få Europarådet si utmerking for godt styresett.
Noreg er eit av landa i Europarådet som har vore med på å utvikle ein felles europeisk standard med 12 prinsipp for godt lokaldemokrati og styresett. Prinsippa er mellom anna knytt til om kommunen driv effektivt, om kommunen legg godt til rette for deltaking frå innbyggjarane i politiske prosessar og om kommunen driv etter ein god etisk standard.
Alle kommunar kan søkje om å delta. Første året får om lag ti norske kommunar delta, og truleg tilsvarande mange neste år. Frå 2013 skal alle kommunar som ønskjer det, bli målte etter dei 12 prinsippa.
- Eg vonar mange kommunar tek denne utfordringa. Me ønskjer at kommunar med ulik geografisk plassering, størrelse og politisk styre vil delta, seier Liv Signe Navarsete.
- Brev til kommunene: Invitasjon til å delta i Europarådets arbeid med innovasjon og godt styresett på lokalt nivå
- Strategien for innovasjon og godt styresett på lokalt nivå.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.