Historisk arkiv

Prisen Årets nynorskkommune 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet har sidan 2009 kvart år kåra årets beste nynorskkommune.

Kommunal- og regionaldepartementet har sidan 2009 kvart år kåra årets beste nynorskkommune.

Tidligare vinnarar er Stord kommune (2009), Seljord kommune (2010) og Fjell kommune (2011). Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som har nynorsk som målform. Utdeling av prisen Årets nynorskkommune 2012 blir i løpet av november, og vinnaren mottek 100 000 kroner. Føremålet med prisen er å stimulera til god nynorskbruk i kommunane.  

Dei som kan søkje om å få prisen er nynorskkommunar som har gjort ein innsats på eitt eller fleire av områda som er nemnde under:

  • aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar
  • aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen
  • god målbruk blant tilsette
  • marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
  • tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule.

Søknadsfristen er 1. oktober 2012.

Det er kommunane sjølve som søkjer om å bli med i konkurransen.

Kommunar som har søkt tidlegare er velkomne til å søkje.

Merk søknaden ”Årets nynorskkommune” og send den til

postmottak@krd.dep.no eller

Kommunal- og regionaldepartementet
Postboks 8112 Dep
0032 Oslo

Kontaktpersonar i Kommunal- og regionaldepartementet:

  • Rådgiver Jørgen Johnsen, tlf. 22 24 68 26
  • Avdelingsdirektør Eli Johanne Lundemo, tlf. 22 24 72 62.