Historisk arkiv

123,55 millionar kroner til breiband i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet gir i år 123,55 millionar kroner til fylkeskommunane, og har sidan 2006 løyvd meir enn ein milliard kroner til breibandsformål over heile landet.

Kommunal- og regionaldepartementet gir i år 123,55 millionar kroner til fylkeskommunane, og har sidan 2006 løyvd meir enn ein milliard kroner til breibandsformål over heile landet.

- Tilgang til breiband med høg kapasitet er naudsynt i heile landet for at alle skal kunne ta del i samfunnsutviklinga og for å sikre vekst i næringslivet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Sjølv om dei fleste bur i område med tilbod om breiband i dag, har mange stader behov for ”breiare” breiband. Regjeringa har difor satsa på å stimulera til utbygging i område der det ikkje er kommersielt lønsamt å byggje ut.

- Betre og raskare breiband er naudsynt for at bedrifter skal kunne etablere seg eller utvikle seg i alle deler av landet, seier Navarsete. Breiband er god samfunnsøkonomi og heilt avgjerande for å møte framtidige behov innan skule, helse og næringsliv, og for å hindre digitale klasseskiljer.

- Utbygging av breiband er viktig for at folk skal kunne busetje seg der dei sjølve ønskjer, seier statsråden.

Område som ikkje har tilbod om breiband vil framleis bli prioritert, men midlane vil og bli nytta til å auke kapasiteten på nettet. I fylke der ein har oppnådd full breibandsdekning med god nok kapasitet, kan fylka nytte midlane til annan infrastruktur og næringstiltak etter avtale med Kommunal- og regionaldepartementet.

Fordelinga i 2012

Fordeling til breiband og anna infrastruktur 2012
(i millionar kroner)

Østfold

0,42

Hedmark

6,58

Oppland

6,59

Buskerud

2,53

Telemark

5,68

Aust-Agder

2,31

Vest-Agder

2,75

Rogaland

2,47

Hordaland

6,73

Sogn og Fjordane

8,09

Møre og Romsdal

11,38

Sør-Trøndelag

7,22

Nord-Trøndelag

9,01

Nordland

24,91

Troms

15,86

Finnmark

11,02

Sum

123,55


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.