175 000 kroner til Nærøyfjorden Verdspark
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 20.12.2012
Lokale og regionale parkar over heile landet får no midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet til å satse på bærekraftig bruk av natur- og kulturverdiar i lokal bygdeutvikling. - Me har fått inn mange gode søknadar, og ”Revisjon av Parkplan for Nærøyfjorden Verdsarvpark” er eit av prosjekta som får støtte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar skal bidra til å fremje levande bygdesamfunn gjennom heilskapleg stad- og næringsutvikling i område med særskilde natur- og kulturverdiar.
Nærøyfjorden Verdsarvpark får økonomisk støtte til å lage planar for korleis dei vil at utviklinga i området skal vere framover. Parkplanen er Verdsarvparken sitt overordna styringsdokument, og den legg grunnlaget for samarbeidet mellom partnarane og stiftarane. Eit ynskja resultat er at prosessen vil vekkje interesse hjå endå fleire aktørar for å slutte seg til Verdsarvparken som verdi- og samarbeidsplattform.
- I Nærøyfjorden har dei eit stort lokalt engasjement kring arbeidet med Verdsarvparken og dei moglegheitene som er knytt til verdsarvstatusen. I dette prosjektet støtter vi opp arbeidet med å få til ein god plan og sikre forankring for det langsiktige arbeidet dei gjer. Dette er viktig for den vidare utviklinga i området, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
- Me ynskjer at verdiskapingsprogrammet skal ha overføringsverdi for fleire, og legg også vekt på kommunikasjon og erfaringsutveksling. Dette gjeld både mellom parkar som er godt etablerte, men også for parkar som er under etablering. Me ynskjer at dei parkane som no får støtte kan utvikle seg til å bli ei kjelde til inspirasjon og kunnskap for andre som er interessert i park som modell for bygdeutvikling, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.