210 000 kroner til Vikebygd Landskapspark i Ullensvang
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 21.12.2012
Lokale og regionale parkar over heile landet får no midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet til å satse på bærekraftig bruk av natur- og kulturverdiar i lokal bygdeutvikling. - Me har fått inn mange gode søknadar, og ”Næring og trivsel i Vikebygd Landskapspark” er eit av prosjekta som får støtte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar skal bidra til å fremje levande bygdesamfunn gjennom heilskapleg stad- og næringsutvikling i område med særskilde natur- og kulturverdiar.
Vikebygd landskapspark har lange tradisjonar med bygdemobilisering, noko som mellom anna har ført til skipinga av Vikebygd landskapspark. Prosjektet skal støtte opp om turismeutvikling med basis i dei små fruktgardane langs fjorden. Det er trong for ei estetisk opprusting av gardstuna. Prosjektet skal arbeide med å utvikle gardsdrift, turisme og fruktdyrking i eit felles løft. Den storslåtte naturen i tilknyting av Folgefonna nasjonalpark er ein viktig ressurs i det vidare arbeidet.
Heilt konkret skal ein lage ein plan for meir tenlege bustadar for eldre, for å frigjere gardar for ungdom og unge familiar i Vikebygdområdet. Vidare skal ein i prosjektet lage ein plan for opprusting av strandsona, for å få meir trivsel, utvikle turistnæringa og følgje opp dei endringane som har kome som ei følgje av nye trafikkløysingar i regionen. Ein slik samla plan kan styrke koordineringa av turismesatsinga og vere med å sikre vidare drift for gardane i området, om drivarane får fleire bein å stå på.
- Bygdefolket har aktivt vore med i det arbeidet som alt er lagt ned i Vikebygd landskapspark, og det borgar for at det er god lokal forankring, noko som er av stor verdi for å sikre god gjennomføringskraft, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
- Me ynskjer at verdiskapingsprogrammet skal ha overføringsverdi for fleire, og legg også vekt på kommunikasjon og erfaringsutveksling. Dette gjeld både mellom parkar som er godt etablerte, men også for parkar som er under etablering. Me ynskjer at dei parkane som no får støtte kan utvikle seg til å bli ei kjelde til inspirasjon og kunnskap for andre som er interessert i park som modell for bygdeutvikling, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.