11,5 millionar til regional utvikling i Oslo
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Statsbudsjettet 2013
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Oslo kommune for regional utvikling blir på om lag 11,5 millionar kroner i 2013.
Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Oslo kommune for regional utvikling
blir på om lag 11,5 millionar kroner i 2013.
I statsbudsjettet for 2013 foreslår regjeringa å løyve rundt 2,7 milliardar kroner til ein ekstrainnsats i distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte vel 79 prosent av desse midlane.
- Gjennom distrikts- og regionalpolitikken ynskjer regjeringa å leggje til rette for busetjing og verdiskaping i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
2,5 millionar kroner av løyvinga til Oslo kommune skal dekkje den statlege deltakinga i det europeiske territorielle samarbeidet (Interreg).
- Les korleis Oslo kommune nytta dei regionale utviklingsmidlane i 2011
- Kommunal- og regionaldepartementet si samleside for statsbudsjettet i 2013
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.