17,4 millionar til regional utvikling i Akershus
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Statsbudsjettet 2013
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Akershus fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 17,4 millionar kroner i 2013.
Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Akershus fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 17,4 millionar kroner i 2013.
I statsbudsjettet for 2013 foreslår regjeringa å løyve rundt 2,7 milliardar kroner til ein ekstrainnsats i distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte vel 79 prosent av desse midlane.
Gjennom distrikts- og regionalpolitikken ynskjer regjeringa å leggje til rette for busetjing og verdiskaping i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
8,44 millionar kroner av løyvinga til Akershus fylkeskommune skal dekkje den statlege deltakinga i det europeiske territorielle samarbeidet (Interreg).
- Les korleis Akershus fylkeskommune nytta dei regionale utviklingsmidlane i 2011
- Kommunal- og regionaldepartementet si samleside for statsbudsjettet i 2013
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.