253,1 millionar til regional utvikling i Nordland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Statsbudsjettet 2013
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Nordland fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 253,1 millionar kroner i 2013.
Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Nordland fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 253,1 millionar kroner i 2013.
I statsbudsjettet for 2013 foreslår regjeringa å løyve rundt 2,7 milliardar kroner til ein ekstrainnsats i distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte vel 79 prosent av desse midlane.
Gjennom distrikts- og regionalpolitikken ynskjer regjeringa å leggje til rette for busetjing og verdiskaping i heile landet.
- Kjernen i det regionale utviklingsarbeidet er å fremje ei heilskapleg samfunnsutvikling. Fylkeskommunane er med på å utvikle attraktive stader og auke verdiskapinga til næringslivet i heile landet. Dei handlar ut frå eigne utfordingar og mål, er gode pådrivarar og samarbeidspartnarar for regional uvikling og får ting til å skje i lokalsamfunna våre, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Av løyvinga til Nordland er 29,49 millionar kroner sette av til kommunale eller regionale næringsfond. Midlane skal setje næringssvake kommunar eller regionar betre i stand til å støtte opp om lokal næringsutvikling.
8,76 millionar kroner av løyvinga til Nordland fylkeskommune skal dekkje den statlege deltakinga i det europeiske territorielle samarbeidet (Interreg).
7 millionar kroner av løyvinga til Nordland er sette av til å møte omstillingsutfordringar.
Etter årsskiftet vil fylket òg få kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift. I 2012 var kompensasjonsmidlane i Nordland 114,4 millionar kroner.
- Les korleis Nordland fylkeskommune nytta dei regionale utviklingsmidlane i 2011
- Kommunal- og regionaldepartementet si samleside for statsbudsjettet i 2013
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.