Statsbudsjettet 2013
2,7 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitikken
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 08.10.2012
Regjeringa gjer framlegg om å løyve om lag 2,7 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitikken i 2013. Sidan 2005 har den raudgrøne regjeringa løyvd om lag 20 milliardar kroner til distrikts- og regionalutvikling.
Regjeringa gjer framlegg om å løyve om lag 2,7 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitikken i 2013. Sidan 2005 har den raudgrøne regjeringa løyvd om lag 20 milliardar kroner til distrikts- og regionalutvikling.
- Regjeringa investerer i framtida i heile landet, ikkje berre i sentrale strøk. Me lova distrikta eit løft i Soria-Moria-erklæringa og kvart budsjettår har me halde lovnaden, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. For oss er dette eit verdival. Gjennom distrikts- og regionalpolitikken vil me ta ressursane i heile landet i bruk, og bidra til verdiskaping, arbeidsplassar og velferd der folk bur.
Fylkeskommunane forvaltar 2,11 milliardar kroner, eller vel 79 prosent av dei særskilde midlane til distrikts- og regionalpolitikken. Her er kompensasjonsmidlane for differensiert arbeidsgjevaravgift tekne med.
Rapportane frå fylkeskommunane for 2011 viser at over halvparten av midlane gjekk til næringsutvikling, særleg til å vidareutvikle etablerte bedrifter. Nest høgast prioritet hadde infrastruktur og stadutvikling.
- Fylkeskommunane gjer eit viktig arbeid for å nå dei nasjonale måla for distrikts- og regionalpolitikken, seier statsråd Navarsete.
Tiltak i statsbudsjettet for 2013:
Næringsutvikling og entreprenørskap
- Næringshageprogrammet: Regjeringa gjer framlegg om at Kommunal- og regionaldepartementet løyver 43 millionar kroner i 2013 til næringshage-programmet i SIVA, ein auke på 3 millionar kroner frå 2012. Programmet skal bidra til å utvikle nye arbeidsplassar innan kunnskapsbaserte næringar i distrikta. Les eiga pressemelding om Næringshageprogrammet.
- Inkubasjon: SIVA har frå 2002 utvikla ulike inkubatorprogram retta inn mot gründerar frå ulike typar miljø. I 2012 vart desse satsingane slått saman til eitt felles program kalla Inkubasjon. Regjeringa gjer framlegg om at Kommunal- og regionaldepartementet løyver 35 millionar kroner til programmet i 2013, ein auke på 5,7 millionar kroner frå 2012. Les eiga pressemelding om Inkubasjon.
- VRI og Forskingsløft i nord: VRI – Verkemiddel for regional FoU og innovasjon – er Forskingsrådet si satsing på regional innovasjon. Programmet skal bidra til å fremje samhandling mellom bedrifter, forskingsmiljø og offentlege aktørar i regionane. Forskingsløft i nord er eit program i regi av Forskingsrådet med mål å styrke og vidareutvikle forskingskompetansen i Nord-Noreg. Regjeringa gjer framlegg om at Kommunal- og regionaldepartementet løyver 44,2 millionar kroner til VRI, og 40 millionar kroner til Forskingsløft i nord i 2013. Dette er ein auke på 5,2 og 5 millionar kroner frå 2012. Les eiga pressemelding om VRI og Forskingsløft i nord.
- Bustadetablering i distrikta: Regjeringa gjer framlegg om å løyve vel 20 millionar kroner til ei tilskotsordning som skal stimulere auka tilbod av ulike bustader i kommunar med små og usikre bustadmarknader. Les eiga pressemelding om Bustadetablering i distrikta.
- Norsk næringsliv i bioøkonomien: Regjeringa gjer framlegg om at Kommunal- og regionaldepartementet løyver 5 millionar kroner til Innovasjon Noreg til utvikling av programmet ”Norsk næringsliv i bioøkonomien” i 2013. I tillegg vil Innovasjon Noreg nytte overførte midlar frå tidlegare år til å styrke satsinga. Målet er mellom anna å utnytte fleire forretningsmessige opningar. Dei kan ligge i å finne fornybare alternativ til petroleum som innsatsvare i ei rekkje industriprodukt. Les eiga pressemelding om Norsk næringsliv i bioøkonomien.
Attraktive lokalsamfunn og gode tenester
- Bulyst: Regjeringa gjer framlegg om å løyve 35 millionar kroner til tilskotsordninga Bulyst. Programmet skal støtte opp om lokale og regionale utviklingsprosjekt, som fremjar bulyst i heile landet, og skaffe ny kunnskap om kva som skapar bulyst.
- Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK): Regjeringa gjer framlegg om å løyve 30 millionar kroner til tiltaket i 2013. Satsinga, som fylkeskommunane har ansvar for å sette ut i livet, skal utvikle kommunane sitt arbeid med å planlegge, mobilisere, samarbeide og gjennomføre utviklingstiltak, for på det viset å bidra til meir attraktive lokalsamfunn.
- MERKUR-programmet og utviklings- og investeringsstøtta til utkantbutikkar: Det er sett av 41,7 millionar kroner til desse tiltaka i 2013. Noko av midlane skal nyttast til å utvikle nye konsept for korleis dagligvarebutikkar kan styrke si stilling som sentral tenesteleverandør, til dømes som sosial arena for innbyggjarane. Departementet vil modernisere og styrke nærbutikkar og bidra til tilgangen til drivstoff i distrikta. Nærbutikkane er viktige tenesteleverandørar i distrikta.
Fylkesvise artiklar - dei regionale utviklingsmidla for 2013
- 17,4 millionar til regional utvikling i Akershus
- 33 millionar til regional utvikling i Aust-Agder
- 34,5 millionar til regional utvikling i Buskerud
- 128 millionar til regional utvikling i Finnmark
- 79,3 millionar til regional utvikling i Hedmark
- 72,1 millionar til regional utvikling i Hordaland
- 125,2 millionar til regional utvikling i Møre og Romsdal
- 253,1 millionar til regional utvikling i Nordland
- 107,7 millionar til regional utvikling i Nord-Trøndelag
- 74,5 millionar til regional utvikling i Oppland
- 11,5 millionar til regional utvikling i Oslo
- 34,2 millionar til regional utvikling i Rogaland
- 96 millionar til regional utvikling i Sogn og Fjordane
- 83,8 millionar til regional utvikling i Sør-Trøndelag
- 59,5 millionar til regional utvikling i Telemark
- 171,8 millionar til regional utvikling i Troms
- 34,7 millionar til regional utvikling i Vest-Agder
- 11,5 millionar til regional utvikling i Vestfold
- 24,1 millionar til regional utvikling i Østfold
Kommunal- og regionaldepartementet si samleside for statsbudsjettet 2013.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.