1,5 million kroner i bulystmidlar til Skånland kommune i Troms
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
- Det har kome inn mange, spennande utviklingsprosjekt frå heile landet. Tildelinga for 2012 er no klar og eitt av prosjekta som får støtte er Skånland kommune i Troms, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
- Det har kome inn mange, spennande utviklingsprosjekt frå heile landet. Tildelinga for 2012 er no klar og eitt av prosjekta som får støtte er Skånland kommune i Troms, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet er no inne i det tredje og nest siste året med bulystsatsing. Det er sett av 32 millionar kroner til bulyst i 2012.
Dette er eit integrerings- og rekrutteringsprosjekt, med base i bygda Grovfjord, med 500 innbyggjarar. Prosjektet fokuserer på ei utfordring som mange kommunar slit med, nemlig å skaffe relevant kompetanse og arbeidskraft i distriktskommunar. Slik kan dei utvikle metode for å sikre at dei nye innbyggjarane buset seg og bidrar positivt både til samfunns- og arbeidslivet. Næringslivet er aktivt med i prosjektarbeidet. Det er gjort forarbeid og kartleggingar av utfordringar og mulegheiter, noko som kan sikre god gjennomføringsevne.
- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber pengar til utviklingsprosjekt, som skal vere med og skape attraktive lokalsamfunn. Me har særleg vore ute etter prosjekt som er nyskapande og som andre kan lære av. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet. Det er mange som ønskjer å vere med å utvikle sitt lokalsamfunn, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
I år har det vore særleg mange bulystprosjekt kring integrering av innvandrarar og tilflyttingsprosjekt. Mange distriktskommunar har eit sterkt næringsliv der det er trong for fleire folk. Det er difor mange som vil arbeide med utfordringar knytt til å legge til rette for ei betre integrering av innvandrarar og tilflyttarar, både dei som kjem for å arbeide, og flyktningar. Innvandring frå utlandet er i dag den viktigaste årsaka til folketilvekst i Noreg, både i byane og i distriktskommunar.
- Eg gler meg til å sjå kva resultat Skånland kommune klarar å få til i dette viktige prosjektet, seier statsråd Navarsete.
Det har nett kome ein rapport om kva som kjenneteiknar distriktskommunar med suksess, utarbeidd på oppdrag frå Distriktssenteret. Her er det mykje viktig kunnskap om kva som tel mest for å lukkast med å skape attraktive lokalsamfunn. Det er positivt at så mange kommunar arbeider aktivt med lokal samfunnsutvikling. Responsen på departementet si bulystsatsing syner at mange kommunar arbeider med spørsmål knytt til attraktivitet og tilflytting. Dette er eit viktig arbeid som Kommunal- og regionaldepartementet vil stø opp om.
I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader. Distriktssenteret har ei viktig rolle i oppfølginga av bulystsatsinga, både når det gjeld formidling og erfaringsoverføring frå arbeidet.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.