2,5 millionar kroner i bulystmidlar til StudiebygdA i Møre og Romsdal
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
- Det har kome inn mange, spennande utviklingsprosjekt frå heile landet. Tildelinga for 2012 er no klar og eitt av prosjekta som får støtte er prosjektet StudiebygdA i Møre og Romsdal, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
- Det har kome inn mange, spennande utviklingsprosjekt frå heile landet. Tildelinga for 2012 er no klar og eitt av prosjekta som får støtte er prosjektet StudiebygdA i Møre og Romsdal, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet er no inne i det tredje og nest siste året med bulystsatsing. Det er sett av 32 millionar kroner til bulyst i 2012.
Prosjektet StudiebygdA, Kompetanse- og kulturklynga på Møre får 2 542 000 kroner i støtte frå Kommunal- og regionaldepartementet. Dette prosjektet som er i regi av Volda kommune skal rekruttere og utvikle kompetanse og bygge kulturell og sosial integrasjon i heile regionen. Målgruppa her er studentar, ungdom, innflyttarar og innvandrarar. Aktivitetar er m.a. å utvikle ein informasjonsportal, ha ulike møteplassar som til dømes festivalar og samfunnsdagar samt karrierehjelp og stimuleringstiltak for gründerar.
- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber pengar til utviklingsprosjekt, som skal vere med og skape attraktive lokalsamfunn. Me har særleg vore ute etter prosjekt som er nyskapande og som andre kan lære av. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet. Det er mange som ønskjer å vere med å utvikle sitt lokalsamfunn, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
I år har det vore særleg merksemd kring integrering av innvandrarar og tilflyttingsprosjekt. Mange distriktskommunar har eit sterkt næringsliv der det er trong for fleire folk. Det er difor mange som vil arbeide med utfordringar knytt til å legge til rette for ei betre integrering av innvandrarar og tilflyttarar, både dei som kjem for å arbeide, og flyktningar. Innvandring frå utlandet er i dag den viktigaste årsaka til folketilvekst i Noreg, både i byane og i distriktskommunar.
- Eg gler meg til å sjå resultatet av prosjektet StudiebygdA i Møre og Romsdal, seier statsråd Navarsete.
Det har nett kome ein rapport om kva som kjenneteiknar distriktskommunar med suksess, utarbeidd på oppdrag frå Distriktssenteret. Her er det mykje viktig kunnskap om kva som tel mest for å lukkast med å skape attraktive lokalsamfunn. Det er positivt at så mange kommunar arbeider aktivt med lokal samfunnsutvikling. Responsen på departementet si bulystsatsing syner at mange kommunar arbeider med spørsmål knytt til attraktivitet og tilflytting. Dette er eit viktig arbeid som Kommunal- og regionaldepartementet vil stø opp om.
I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader. Distriktssenteret har ei viktig rolle i oppfølginga av bulystsatsinga, både når det gjeld formidling og erfaringsoverføring frå arbeidet.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.