Historisk arkiv

32 millionar kroner til 19 nye bulystprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Det har kome inn mange, spennande utviklingsprosjekt frå heile landet. Tildelinga i år er no klar og midlane blir fordelt på 19 prosjekt i 12 fylke, seier kommunal- og regionalminister Liv signe Navarsete.

- Det har kome inn mange, spennande utviklingsprosjekt frå heile landet. Tildelinga i år er no klar og midlane blir fordelt på 19 prosjekt i 12 fylke, seier kommunal- og regionalminister Liv signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet er no inne i det tredje og nest siste året med bulystsatsing. Det er sett av 32 millionar kroner til bulyst i 2012.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber pengar til utviklingsprosjekt, som skal vere med og skape attraktive lokalsamfunn. Me har særleg vore ute etter prosjekt som er nyskapande og som andre kan lære av. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet. Det er mange som ønskjer å vere med å utvikle sitt lokalsamfunn, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I år har det vore særleg merksemd kring integrering av innvandrarar og tilflyttingsprosjekt. Mange distriktskommunar har eit sterkt næringsliv der det er trong for fleire folk. Det er difor mange som vil arbeide med utfordringar knytt til å legge til rette for ei betre integrering av innvandrarar og tilflyttarar, både dei som kjem for å arbeide, og flyktningar. Innvandring frå utlandet er i dag den viktigaste årsaka til folketilvekst i Noreg, både i byane og i distriktskommunar.

- Eg har nett fått ein rapport om kva som kjenneteiknar distriktskommunar med suksess, utarbeidd på oppdrag frå Distriktssenteret. Her er det mykje viktig kunnskap om kva som tel mest for å lukkast med å skape attraktive lokalsamfunn. Det er positivt at så mange kommunar arbeider aktivt med lokal samfunnsutvikling, seier statsråd Navarsete.

Responsen på departementet si bulystsatsing syner at mange kommunar arbeider med spørsmål knytt til attraktivitet og tilflytting. Dette er eit viktig arbeid som Kommunal- og regionaldepartementet vil stø opp om.

I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader. Distriktssenteret har ei viktig rolle i oppfølginga av bulystsatsinga, både når det gjeld formidling og erfaringsoverføring frå arbeidet. 

Følgjande prosjekt får støtte i 2012:

Finnmark     

 

4 millionar kroner til arbeidsinnvandring i Vest-Finnmark

Troms           

 

1,5 million kroner til integrering og rekruttering i Skånland kommune

Nordland

1 455 000 kroner til LevVesterålen

 

1 400 000 kroner til lokalsamfunnsutvikling i Fauske kommune

 

725 000 kroner til integrering i Nesna kommune

Nord-Trøndelag         

 

507 500 kroner til integrering av kvinner i regi av KUN

Sør-Trøndelag

4 millionar kroner til arbeidskraftmobilisering i Sør-Trøndelag

 

1 045 000 kroner til utvikling av treklynger i Midtre Gauldal kommune

Møre og Romsdal                
                                  

2,5 millionar kroner til StudiebygdA i Møre og Romsdal

 

1,9 millionar kroner til inkludering av innvandrarar i Herøy kommune

Sogn og Fjordane

950 000 kroner til tilflytting – Værlandet Vel og Jostedalen Bygdelag

 

1,5 million kroner til tilflyttingsprosjekt i Bremanger kommune

Hordaland

300 000 kroner til tilflyttingsprosjekt i Austevoll kommune

Rogaland

1,2 million kroner til integrering i Hjelmeland kommune

Aust-Agder

1 750 000 kroner til stadutvikling i Tvedestrand kommune

Telemark

2 millionar kroner til Toke Brygge i Drangedal

 

1 million kroner til Rom for alle i Bø kommune

Oppland

2,5 millionar kroner til Ekte Landsbyliv i Nordre Land kommune

Nasjonalt

1,5 million kroner til HATS - kompetansesenter for revy og teater


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.