Historisk arkiv

505 millionar kroner til regional næringsutvikling i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet gir i år 505 millionar kroner til fylkeskommunar der kommunar har fått auka arbeidsgjevaravgift i høve til nivået før 2004.

Kommunal- og regionaldepartementet gir i år 505 millionar kroner til fylkeskommunar der kommunar har fått auka arbeidsgjevaravgift i høve til nivået før 2004.

Ordninga med ulik arbeidsgjevaravgift vart stansa i 2004 etter krav frå ESA (EUs overvakningsorgan), fordi den vart oppfatta som diskriminerande. I 2007 fekk den raud-grønne regjeringa godkjend gjeninnføring av ordninga, men med endringar - nokre distrikt fekk høgare arbeidsgjevaravgift enn før 2004. Dette lova regjeringa å kompensere for.

Regjeringa har lagt vekt på å føre attende midlane til desse områda på best muleg måte.

- Sidan ordninga vart innført i 2004 har det vore eit tett samarbeid mellom fylkeskommunane og næringslivet, noko som er særleg viktig i dette arbeidet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Desse midlane skal bidra til utvikling av næringslivet og gi arbeidsplassar i desse fylka.

- Dei årlege rapporteringane viser at fylkeskommunane i bruken av midla utnyttar regional kunnskap til beste for innbyggjarne og næringslivet i fylka sine, samstundes som dei fylgjer lojalt opp måla til regjeringa, seier Navarsete.

Tabellen under viser fordelinga i 2012

 

Næringsretta utviklingstiltak,
kompensasjonsmidlar 2012
(i millionar kroner)

Hedmark

10,28

Oppland

4,54

Buskerud

2,04

Telemark

3,07

Aust-Agder

2,32

Vest-Agder

3,4

Rogaland

16,3

Hordaland

46,92

Sogn og Fjordane

38,13

Møre og Romsdal

83,37

Sør-Trøndelag

12,32

Nord-Trøndelag

0,88

Nordland

114,36

Troms

167,15

Sum

505,05

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.