Historisk arkiv

59 nye kommunar i ”Saman om ein betre kommune”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Det nasjonale utviklingsprogrammet ”Saman om ein betre kommune” blir utvida med 59 nye kommunar. Med det er totalt 110 kommunar med i programmet.

Det nasjonale utviklingsprogrammet ”Saman om ein betre kommune” blir utvida med 59 nye kommunar. Med det er totalt 110 kommunar med i programmet.

"Saman om ein betre kommune" er eit samarbeid mellom Kommunal- og regionaldepartementet, KS og dei store forhandlingssamanslutningane.

- Målet med ”Saman om ein betre kommune” er å skape best mogleg tenester til innbyggjarane landet rundt. Då er eit godt lokalt samarbeid mellom tilsette, administrativ leiing og politikarar viktig. Dyktige og nøgde medarbeidarar, medvitne politikarar og gode leiarar skaper gode tenester, seier Navarsete.

Dei neste tre åra skal kommunane i programmet drive utviklingsarbeid retta mot nokre av dei viktigaste utfordringane i kommunesektoren. Tema er sjukefråvere, kompetanse/rekruttering, heiltid/deltid og omdøme. ”Saman om ein betre kommune” skal gje deltakarkommunane støtte i dette arbeidet, og få fram kunnskap og gode døme til bruk for alle kommunar.

- For å stå rusta til å møte morgondagens utfordringar med berekraftige kommunale tenester er det viktig å få på plass ein god fornyings- og omstillingskultur i kommunane. Innovasjon og nytenking rundt gamle problemstillingar spelar ei stor rolle. Eg ser fram til å følgje med på prosjekta kommunane skal i gang med. Eg vonar at programmet får fram gode døme som andre kommunar kan lære av, seier Navarsete.

Nye kommunar i ”Saman om ein betre kommune”:

Akershus: Oppegård, Rælingen, Sørum
Buskerud: Ringerike: Øvre Eiker
Finnmark: Båtsfjord
Hedemark: Hamar, Os, Tolga, Åsnes
Hordaland: Austrheim, Etne, Stord, Vaksdal
Møre og Romsdal: Fræna, Kristiansund, Stordal, Sunndal, Surnadal, Ørsta
Nordland: Andøy, Dønna, Lofotsamarbeid (Værøy, Moskenes, Flakstad, Røst)
Nord-Trøndelag: Grong, Høylandet, Inderøy, Innherred Samkommune (Levanger og Verdal)
Oppland: Nordre Land, Sel, Vågå, Østre Toten
Rogaland: Eigersund, Haugesund
Sogn- og Fjordane: Høyanger, Sogndal
Sør-Trøndelag: Frøya, Midtre Gauldal, Oppdal, Rissa, Åfjord
Telemark: Porsgrunn
Troms: Ibestad, Kvæfjord, Lenvik, Salangen, Skånland, Sørreisa
Vest-Agder: Listerregionen (Flekkefjord, Hægebostad, Kvinesdal, Lyngdal, Sirdal)
Vestfold: Andebu, Nøtterøy
Østfold: Sarpsborg, Spydeberg

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.