1,9 milliardar kroner meir til Oslo neste år
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Statsbudsjettet 2013
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Fordelinga av dei frie inntektene for Oslo i 2013, og den nominelle veksten i frie inntekter frå RNB 2012 til 2013.
Tabellen syner fordelinga av dei frie inntektene for Oslo i 2013, og den nominelle veksten i frie inntekter frå RNB 2012 til 2013.
I revidert nasjonalbudsjett 2012 blei skatteinntektene til kommunesektoren i 2012 oppjustert med 2,3 milliardar kroner. Meirskatteveksten er anslått til 1 870 millionar kroner for kommunane og 430 millionar kroner for fylkeskommunane. Dette er varige inntekter som blir vidareført i 2013. Tabellen syner anslag på fordelinga av desse inntektene. Skatteanslaget for 2012 er ytterlegare oppjustert med 2,6 milliardar kroner no i statsbudsjettet. Desse pengane blir ikkje vidareført neste år og synes ikkje i tabellen.
Sjå også forklaringar under tabellen.
Fordeling av meirskatte-vekst 2012 |
Anslag på frie inntekter 2013 |
Anslag på vekst RNB 2012-2013 |
Vekst frå RNB 2012-2013 |
|
(mill. kr) |
(1 000 kr) |
(1 000 kr) |
(prosent) |
|
|
1 |
2 |
3 |
4 |
|
||||
Oslo |
307,3 |
34 448 647 |
1 923 554 |
5,9 |
Tabellforklaring
Fyrste kolonne:
Syner anslag på meirskattevekst i RNB målt i millionar kroner i 2012. Anslaga på fordelinga av meirskatteveksten i 2012 er usikre, og tek utgangspunkt i fordelinga av skatt i 2011, framskrive med innbyggjartalet i 2012. I skatteanslaget er anslag på skatteutjamning inkludert.
Andre kolonne:
Syner anslag på kor mykje kvar kommune får i frie inntekter i 2013, målt i 1000 kroner.
Tredje kolonne:
Syner anslag på kor mykje meir pengar kvar kommune får rekna frå RNB 2012 til nasjonalbudsjettet 2013. Veksten er korrigert for endringar i kommunanes oppgåver.
Fjerde kolonne:
Syner veksten målt i prosent. Dei nominelle veksttala for einskildkommunar skal også dekkje pris- og lønsauke frå 2012 til 2013. Denne er rekna til 3,30 prosent.