634 millionar kroner meir til Vestfold neste år
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Statsbudsjettet 2013
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vestfold og Vestfold fylkeskommune i 2013, og den nominelle veksten i frie inntekter frå RNB 2012 til 2013.
Tabellen syner fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vestfold og Vestfold fylkeskommune i 2013, og den nominelle veksten i frie inntekter frå RNB 2012 til 2013.
I revidert nasjonalbudsjett 2012 blei skatteinntektene til kommunesektoren i 2012 oppjustert med 2,3 milliardar kroner. Meirskatteveksten er anslått til 1 870 millionar kroner for kommunane og 430 millionar kroner for fylkeskommunane. Dette er varige inntekter som blir vidareført i 2013. Tabellen syner anslag på fordelinga av desse inntektene. Skatteanslaget for 2012 er ytterlegare oppjustert med 2,6 milliardar kroner no i statsbudsjettet. Desse pengane blir ikkje vidareført neste år og synes ikkje i tabellen.
Sjå også forklaringar under tabellen.
Kommune |
Fordeling av meirskatte-vekst 2012 |
Anslag på frie inntekter 2013 |
Anslag på vekst RNB 2012-2013 |
Vekst frå RNB 2012-2013 |
(mill. kr) |
(1 000 kr) |
(1 000 kr) |
(prosent) |
|
|
1 |
2 |
3 |
4 |
|
||||
0701 Horten |
9,3 |
1 192 025 |
55 626 |
4,9 |
0702 Holmestrand |
3,6 |
462 222 |
26 756 |
6,1 |
0704 Tønsberg |
14,8 |
1 856 228 |
89 566 |
5,1 |
0706 Sandefjord |
15,7 |
2 024 537 |
116 675 |
6,1 |
0709 Larvik |
15,2 |
1 980 715 |
95 740 |
5,1 |
0711 Svelvik |
2,3 |
297 562 |
12 155 |
4,3 |
0713 Sande |
3,1 |
407 420 |
15 654 |
4,0 |
0714 Hof |
1,1 |
160 409 |
6 978 |
4,5 |
0716 Re |
3,2 |
430 342 |
20 701 |
5,1 |
0719 Andebu |
1,9 |
258 851 |
10 267 |
4,1 |
0720 Stokke |
3,9 |
501 284 |
27 941 |
5,9 |
0722 Nøtterøy |
7,7 |
972 455 |
57 771 |
6,3 |
0723 Tjøme |
1,8 |
224 651 |
12 378 |
5,8 |
0728 Lardal |
0,9 |
126 577 |
5 165 |
4,3 |
Fordelast gjennom året |
|
8 007 |
||
Vestfold |
84,3 |
10 903 285 |
553 521 |
5,3 |
|
||||
Vestfold fylkeskommune |
17,2 |
2 198 921 |
80 710 |
3,8 |
Totalt for Vestfold |
101,5 |
13 102 206 |
634 231 |
Tabellforklaring
Fyrste kolonne:
Syner anslag på meirskattevekst i RNB målt i millionar kroner i 2012. Anslaga på fordelinga av meirskatteveksten i 2012 er usikre, og tek utgangspunkt i fordelinga av skatt i 2011, framskrive med innbyggjartalet i 2012. I skatteanslaget er anslag på skatteutjamning inkludert.
Andre kolonne:
Syner anslag på kor mykje kvar kommune får i frie inntekter i 2013, målt i 1000 kroner.
Tredje kolonne:
Syner anslag på kor mykje meir pengar kvar kommune får rekna frå RNB 2012 til nasjonalbudsjettet 2013. Veksten er korrigert for endringar i kommunanes oppgåver.
Fjerde kolonne:
Syner veksten målt i prosent. Dei nominelle veksttala for einskildkommunar skal også dekkje pris- og lønsauke frå 2012 til 2013. Denne er rekna til 3,30 prosent.