815 millionar kroner meir til Østfold neste år
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Statsbudsjettet 2013
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Østfold og Østfold fylkeskommune i 2013, og den nominelle veksten i frie inntekter frå RNB 2012 til 2013.
Tabellen syner fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Østfold og Østfold fylkeskommune i 2013, og den nominelle veksten i frie inntekter frå RNB 2012 til 2013.
I revidert nasjonalbudsjett 2012 blei skatteinntektene til kommunesektoren i 2012 oppjustert med 2,3 milliardar kroner. Meirskatteveksten er anslått til 1 870 millionar kroner for kommunane og 430 millionar kroner for fylkeskommunane. Dette er varige inntekter som blir vidareført i 2013. Tabellen syner anslag på fordelinga av desse inntektene. Skatteanslaget for 2012 er ytterlegare oppjustert med 2,6 milliardar kroner no i statsbudsjettet. Desse pengane blir ikkje vidareført neste år og synes ikkje i tabellen.
Sjå også forklaringar under tabellen.
Kommune |
Fordeling av meirskatte-vekst 2012 |
Anslag på frie inntekter 2013 |
Anslag på vekst RNB 2012-2013 |
Vekst frå RNB 2012-2013 |
(mill. kr) |
(1 000 kr) |
(1 000 kr) |
(prosent) |
|
|
1 |
2 |
3 |
4 |
|
||||
0101 Halden |
10,4 |
1 350 849 |
72 142 |
5,6 |
0104 Moss |
10,8 |
1 352 952 |
72 098 |
5,6 |
0105 Sarpsborg |
18,8 |
2 451 160 |
137 402 |
5,9 |
0106 Fredrikstad |
26,7 |
3 417 011 |
188 590 |
5,8 |
0111 Hvaler |
1,5 |
193 367 |
7 528 |
4,1 |
0118 Aremark |
0,5 |
87 139 |
3 834 |
4,6 |
0119 Marker |
1,2 |
172 933 |
9 340 |
5,7 |
0121 Rømskog |
0,2 |
49 618 |
1 539 |
3,2 |
0122 Trøgstad |
1,8 |
255 997 |
13 461 |
5,6 |
0123 Spydeberg |
1,9 |
254 991 |
12 742 |
5,3 |
0124 Askim |
5,3 |
678 287 |
33 852 |
5,3 |
0125 Eidsberg |
3,9 |
530 720 |
33 696 |
6,8 |
0127 Skiptvet |
1,3 |
178 562 |
9 758 |
5,8 |
0128 Rakkestad |
2,7 |
396 536 |
26 281 |
7,1 |
0135 Råde |
2,5 |
318 096 |
16 221 |
5,4 |
0136 Rygge |
5,2 |
653 948 |
28 834 |
4,6 |
0137 Våler |
1,7 |
213 100 |
10 825 |
5,4 |
0138 Hobøl |
1,7 |
224 205 |
9 703 |
4,5 |
Fordelast gjennom året |
|
10 000 |
||
Østfold |
98,2 |
12 789 471 |
687 847 |
5,7 |
|
|
|
|
|
Østfold fylkeskommune |
21,0 |
2 543 411 |
127 382 |
5,3 |
Totalt for Østfold |
119,2 |
15 332 882 |
815 229 |
Tabellforklaring
Fyrste kolonne:
Syner anslag på meirskattevekst i RNB målt i millionar kroner i 2012. Anslaga på fordelinga av meirskatteveksten i 2012 er usikre, og tek utgangspunkt i fordelinga av skatt i 2011, framskrive med innbyggjartalet i 2012. I skatteanslaget er anslag på skatteutjamning inkludert.
Andre kolonne:
Syner anslag på kor mykje kvar kommune får i frie inntekter i 2013, målt i 1000 kroner.
Tredje kolonne:
Syner anslag på kor mykje meir pengar kvar kommune får rekna frå RNB 2012 til nasjonalbudsjettet 2013. Veksten er korrigert for endringar i kommunanes oppgåver.
Fjerde kolonne:
Syner veksten målt i prosent. Dei nominelle veksttala for einskildkommunar skal også dekkje pris- og lønsauke frå 2012 til 2013. Denne er rekna til 3,30 prosent.