Revidert nasjonalbudsjett 2012
Auka skatteinntekter for kommunesektoren i 2012
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 15.05.2012
Anslag syner at kommunesektoren får heile 2,3 milliardar kroner meir i skatteinntekter i 2012. – Ei klar styrking av kommunane sin økonomi, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Anslag syner at kommunesektoren får heile 2,3 milliardar kroner meir i skatteinntekter i 2012. – Ei klar styrking av kommunane sin økonomi, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
- God vekst i norsk økonomi gir auka inntekter til kommunane. Det betyr at kommunane kan betre sin økonomiske situasjon eller betre tenestene til innbyggjarane. Desse ekstra pengane kan kommunane bruke til å bygge ut enda fleire sjukeheimar, barnehageplassar eller betre skular, seier Navarsete.
Veksten i kommunesektorens samla inntekter i 2012 blir 5,1 milliardar kroner. Veksten i dei frie inntektene blir 3,5 milliardar kroner.
Kommunesektoren sine skatteinntekter i 2012 vil bli vurdert på nytt når statsbudsjettet 2013 blir lagt fram til hausten.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00