Historisk arkiv

Balansert styring i kommunale føretak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunale føretak tek omsyn både til politisk styring og til føretaka sine behov for å effektivisere og utvikle føretaket. Det viser ein ny rapport.

Kommunale føretak tek omsyn både til politisk styring og til føretaka sine behov for å effektivisere og utvikle føretaket. Det viser ein ny rapport.

- Nokon hevdar lokaldemokratiet er truga fordi selskap tek over kommunal verksemd. Eg meiner rapporten viser at omsynet til politisk styring er sikra også når kommunale føretak tek over kommunale oppgåver, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

139 kommunar driv til saman 224 kommunale føretak. Dei kommunale føretaka driv med mellom anna eigedomsforvalting, drift av bygg og kultur- og idrettsverksemd. 15 kommunale føretak driv innafor områda undervisning og helse- og sosial. Rapporten ser nærare på organiseringa av føretaka.

Enkelte utfordringar finst, men både daglege leiarar i føretaka, folkevalde og leiing i kommunane meiner føretaka fungerar godt. Dei meiner modellen bidreg til å effektivisere ressursbruken i tenesteytinga. I tillegg skapar den ryddige ansvarstilhøve. Det er dessutan god balanse mellom politisk styring og fridom for leiinga i føretaket, viser rapporten laga av IRIS på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00