Statsbudsjettet 2013
Bustadetablering i distrikta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 08.10.2012
Regjeringa gjer framlegg om å løyve 20,6 millionar kroner for å vidareføre tilskotsordning som skal stimulere auka tilbod av bustader i kommunar med små og usikre bustadmarknader.
Regjeringa gjer framlegg om å løyve 20,6 millionar kroner for å vidareføre tilskotsordning som skal stimulere auka tilbod av bustader i kommunar med små og usikre bustadmarknader.
I 2012 blei 285 distriktskommunar i Noreg inviterte til å søke om å delta i forsøksordninga ”Bustadetablering i distrikta”. Målgruppa for ordninga er kommunar der bustadmarknader er til hinder for næringsutvikling eller rekruttering av nøkkelkompetanse i privat og offentleg sektor. Samtidig skal kommunar som får støtte frå ordninga ha vist engasjement for å løyse desse problema.
- Å skaffe nok og varierte bustader er ei hovudutfordring for mange distriktskommunar som vil auke eller halde oppe folketalet. Difor vil me gje ekstra tilskot for å fram gode løysingar som kan utløyse meir av dei potensiala som finst, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
Av 82 søknader valde departementet 12 kommunar til å delta i satsinga: Tolga, Hitra, Grong, Flatanger, Hasvik, Balestrand, Herøy, Gildeskål, Sørfold, Seljord, Ullensvang og Granvin. Alle kommunane som er plukka ut, er valde fordi tiltaka dei planlegger eller har sett i gang har nasjonal overføringsverdi. Dei utvalde kommunane har forskjellige idear og tilnærmingar til korleis bustadutfordringane i distrikta kan løysast.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.